Desse bør ta koronavaksine hausten 2023

Eldre og personar i risikogruppene bør vaksinere seg. Sjå om det gjeld deg.

Illustrasjonsbilete vaksine - Klikk for stort bilete pexels.com

Folkehelseinstituttet (FHI) rår følgjande grupper til å ta ny oppfriskingsdose før haust-vintersesongen 23/24:

  • aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar,
  • aldersgruppa 18-64 år som inngår i ein risikogruppe,
  • gravide
  • aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom,
  • aldersgruppa 6 månadar – 11 år med alvorleg grunnsjukdom etter individuell vurdering.

For utfyllande informasjon om risikogrupper og barn og unge med alvorleg grunnsjukdom gå inn på FHI sine nettsider.

 

Dato for vaksinasjon er:

  • 13. oktober på Hareid helsestasjon
  • 18. oktober på Hareid helsestasjon

 

Slik får du time

Alle frå 65 år får tekstmelding om timebestilling

Høyrer du til ei risikogruppe under 65 år, må du sjølv ta kontakt på telefon 46 83 47 85 for bestilling av time.

For å kunne ta vaksinen, må du vere frisk, ikkje ha feber eller nyleg ha fått vaksine av annan slag.

 

Ny vaksine

Vi  nyttar ein oppdatert Pfizer-vaksine med namn Comirnaty Omicron XBB.1.5.

Den nye vaksinen er betre tilpassa omirkonvariantar av SARS-CoV-2-viruset som sirkulerer no.