Det skjer i Hareid – det nyttar å nytte oss!

Sidan oppstart har kultur- og aktivtetskalenderen Det skjer i Hareid reklamert for over 200 arrangement i kommunen vår. Nytt oss du også!

 

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Etter ønske frå dei frivillige lag og organisasjonane våre oppretta Hareid kommune november 2019 kultur- og aktivitetskalenderen Det skjer i Hareid. Her kan alle organisasjonar melde inn/på sine arrangement. Det blir så delt med dei over 1000 følgarane til Det skjer i Hareid.

Til no har vi delt over 200 arrangement med følgjarane våre og arrangørar har nådd ut til mange fleire enn dei hadde om dei stod på eigne bein.

Hareid kommune har tidlegare prøvd seg med forskjellige kulturkalendrar utan at det har vore ein suksess. Årsaka har i mange tilfelle handla om at brukarane må lage eigne kontoar og registrere seg her og der.

Det skjer i Hareid har tatt utgangspunktet i ein plattform dei aller fleste arrangørar nyttar allereie i dag: Facebook. Her registrerer dei allereie arrangementa/hendingane (events). Dei einaste du som arrangør treng å gjere i tillegg, er å leggje til Det skjer i Hareid som medarrangør*.

Då dukkar arrangementet opp i lista til Det skjer i Hareid og dei over 1000 følgjarane våre blir varsla.

* Vi kan berre vere medarrangørar til arrangement som er oppretta av "sider". Facebook endrar stadig korleis du legg til medarrangør – for tida er det under innstillingar i arrangementet (siste fana, trykk på tannhjulet). Dersom du har spørsmål om den tekniske løysinga, kan du sende Det skjer i Hareid eller Hareid kommune ei melding på Facebook.