Digitalt folkemøte om 2021-budsjettet

Kom med dine innspel og spørsmål til ordførar og kommunedirektør.

 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Kommunedirektøren har lagt fram sitt budsjettforslag.

No sit dei folkevalde og les med lupe.

  • Kva vil dei ha med i budsjettet?
  • Kva skal ut?
  • Korleis skal vi få til eit budsjett som går i null?
  • Klarer vi å ikkje auke eigedomsskatten?

For å gjere ein best mogleg jobb, er både dei folkevalde og administrasjonen avhengige av innspel frå innbyggarane våre.

På grunn av koronapandemien kan vi ikkje gjennomføre eit fysisk folkemøte slik vi plar. Møtet blir derfor digitalt, her på Facebook. Frå Hareid kommune stiller ordførar Bernt Brandal, konstituert rådmann, Kariann Bigseth, og informasjonskonsulent Erlend Friestad.

Vi ønsker at innbyggarane skal kome med sine innspel og spørsmål - både før og under møtet:

Send oss ei melding her på Facebook eller på e-post til erlend.friestad@hareid.kommune.no

Vi vil svare på spørsmåla og innspela i sendinga.