Tone Leksbø Walgermo
Arrangementet er gratis og ope for alle.
Tid og stad: Hareid folkebibliotek, torsdag 16. april klokka 19.
Alf Kjetil Walgermo, opphaveleg frå Sjøholt, er kjend som forfattar, journalist og litteraturkritikar. Han kjem no til Hareid for å snakke om boka som har sett Donald Duck inn i ein heilt ny litterær samanheng. I Litteratur i Andeby utforskar han korleis verdslitteraturen har sett spor i Andeby – og korleis Donald og venene hans har prega både språk, tenkemåtar og leseglede hos generasjonar av lesarar.
Ein kjærleikserklæring til Andeby – og til lesinga
Mange nordmenn har lært seg å lese med Donald-blad i hendene. Det gjeld også Walgermo, som i boka kombinerer personleg engasjement med grundig analyse. Resultatet er eit muntert og vitskapleg studium av Donald Duck og bøkene hans – og samstundes ei litteraturhistorie sett med andeblikk.
Publikum får mellom anna høyre om Donald sine eigne strategiar som forfattar, om jakta på bestseljaren og om den litterære feiden med fetter Anton. Boka opnar også nye inngangar til klassikarar som Homer, Dante og Shakespeare, og byr på alt frå Duckens til Duckensteins monster.
Nasjonal merksemd – og sunnmørsk tilknyting
Litteratur i Andeby har fått brei omtale i riksmedia, mellom anna i Dagsrevyen, i leiarartikkel i Dagbladet og i ei rekkje gode bokmeldingar. Komikar og forfattar Knut Nærum har omtalt boka som eit verk som både sender lesaren til biblioteket for meir verdslitteratur – og på loftet for å leite fram gamle Donald-blad.
For ungdom og vaksne – gratis arrangement
Forfattarmøtet passar for både ungdom og vaksne, enten du er litteraturinteressert, Donald-entusiast eller berre nysgjerrig på korleis populærkultur og klassisk litteratur heng saman.
Forfattarmøtet er ein del av Litteraturhus i Møre og Romsdal.