Donerer puter og rullestolar til Hareid kommune

Hareid kommune er svært takksam for å få restlageret av puter og rullestolar frå Vital Base.

Vital Base, her representert ved Hildegunn Holstad, Sølvi Nesset, John Furnes og Oda Ulstein, har donert ein varebil full med kvalitetsputer til Hareid kommune. Frida Systad Digranes  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Etter at Vital Base la ned produksjonen på Hareid, har dei donert restlageret til Hareid kommune. Det består av ulike typar sitte- og ryggputer til rullestoler, posisjoneringsputer og nokre sitterputer til utebenkar. I tillegg har kommunen fått tre rullestolar som blei brukte som mal då putene blei produsert. Alle putene er laga frå botn av hos Vital Base.

Putene vil bli brukt på institusjonane våre.

Fleire nyheiter frå Hareid kommune? Meld deg på vårt nyheitsbrev.