Du kan følgje kongeskipet med båt!

Dei som ønsker å følgje kongeskipet siste stykket mot Hareid i eigen båt, er hjarteleg velkomne til å gjere det.

Kongeskipet Norge til hamn - Klikk for stort bilete Bahnfrend/Wikipedia/CC BY SA 4.0  

Kongeskipet Norge vil krysse kommunegrensa frå sør i indre lei. KS Norge vil i det høvet bli eskortert av kystvaktskipet KV Heimdal. Fritidsbåtar og andre farty er velkomne til å følgje kongeskipet den siste halvtimen. Då vert farta redusert til 6 knop, slik at det ikkje oppstår så mykje bølgjer. Ved Hjørungneset vert farta ytterlegare redusert. Vi ber om at båtar som følgjer kongeskipet held avstand og legg seg bak KS Norge. Særleg gjeld dette når sjaluppane ligg på fallrepa.

LES OGSÅ: Alt du treng å vite om kongebesøket

Hald avstand

Vi ber og om at småbåtar og andre farty held avstand og lar sjaluppane få klar bane når dei skal ta seg fram til flytebrygga ved Tusenårsplassen. Tidspunktet er sett til klokka 10:30. Det same gjeld når sjaluppane skal returnere til kongeskipet. Ingen uvedkomande får løyve til å fortøye ved flytebrygga den aktuelle dagen. Båtar som har ligg her utan løyve vil bli bortviste, alternativt slept vekk utan nærare varsel.

Innanfor eller utanfor molo

Når kongeskipet kjem til Hareid - er det to moglegheiter for oppankring. Kva stad som blir vald, vil ikkje vere klart før skipet kjem inn. Det er eit mål at kongeskipet ankrar opp innanfor moloane, men på grunn av låg vasstand og høgtrykk, må denne vurderinga takast på staden når skipet kjem.

Hamnevesenet vil av tryggleiksårsaker måtte legge restriksjonar på ferdsla i og ved indre hamn i Hareid i den tida kongebesøket går føre seg. Hamna har rutegåande trafikk, som i størst muleg grad skal gå som vanleg. Derfor er det naudsynt at alle aktørar viser omsyn til kvarandre, slik at uønskte eller farlege situasjonar ikkje oppstår.

Vi ber difor alle respektere dette og elles rette seg etter beskjedar frå politi, kystvakt samt mannskapet på hamnebåten M/V Custos.

Vik for sjaluppen

Båtar med båtplass i indre hamn vil få moglegheit til å gå til sine faste plassar, men må då sørge for at dei kjem fram til moloopninga før kongeskipet (og / eller) sjaluppane gjer det.  Sidan kongeskipet går med sterkt redusert fart den siste strekninga, burde dette vere muleg å få til. 

Båtar utan fast liggeplass i indre hamn vil og få kome inn i hamna i same operasjonen, men samtlege av desse må halde seg i den sørlege delen av hamna. Hamnevesenet har ikkje moglegheit til å tilby eller organisere liggjeplassar til desse båtane. Det betyr at alle må  rekne med å måtte halde seg i båtane under arrangementet.

Når sjaluppane er fortøyd ved flytebrygga kan eit mindre tal båtar få kome inn i nordre del av hamna, under den føresetnad at dei ikkje skapar hindringar, eller vanskar for rutebåttrafikken, sjaluppane og eventuelt kongeskipet.  Når kongeparet returnerer til kongeskipet må alle vike.

Mannskapet på hamnebåten M/V Custos har mynde til å vise båtar på plass og elles regulere trafikken av båtar som ikkje er rutegåande.  Ein oppmodar alle til å vise omsyn og rette seg etter deira rettleiing.

Hamnesjefen