 Peter Kirkebø, beredskapsleiar i Linja, og Erlend Friestad, beredskapskoordinator i Hareid kommune under frukostmøtet om eigenberedskap for næringslivet. Møtet blei halde på Millennium Cowork.
        Christine Erdal
Peter Kirkebø, beredskapsleiar i Linja, og Erlend Friestad, beredskapskoordinator i Hareid kommune under frukostmøtet om eigenberedskap for næringslivet. Møtet blei halde på Millennium Cowork.
        Christine Erdal
     Eirik Øren frå Linja, firmaet som er ansvarleg for å forsyne oss med straum, hadde innlegg på folkemøtet om korleis dei jobbar for å sikre straumforsyninga vår.
        Erlend Friestad
Eirik Øren frå Linja, firmaet som er ansvarleg for å forsyne oss med straum, hadde innlegg på folkemøtet om korleis dei jobbar for å sikre straumforsyninga vår.
        Erlend Friestad
     - Sivilforsvaret har utstyr og personell til å hjelpe kommunar i krise, fortalte Jeanette Brandal frå Sivilforsvaret.
        Erlend Friestad
- Sivilforsvaret har utstyr og personell til å hjelpe kommunar i krise, fortalte Jeanette Brandal frå Sivilforsvaret.
        Erlend Friestad
    Det var hovudbodskapen då Hareid kommune under eigenberedskapsveka arrangerte to møte om eigenberedskap: eitt for næringslivet og eitt for innbyggarane.
 
Kvifor eigenberedskap er viktig
Erfaringar frå store straumbrot i Europa viser kor sårbart samfunnet er når straumen forsvinn. Alt frå telekommunikasjon og vatn til matforsyning og helse blir påverka. Kommunen kan ikkje løyse alle utfordringar åleine – vi er heilt avhengige av at friske folk klarer seg sjølv. Då kan vi prioritere dei som treng mest hjelp.
Eigenberedskap handlar om å redusere konsekvensane av kriser og bryte kjeda av negative følgjer. Det gjer oss alle tryggare.
LES OGSÅ: Her får du gode råd til eigenberedskapen
Kva er ein beredskapsven?
Språkrådet kåra «beredskapsven» til årets nyord i 2024. Det handlar om å vere ein ressurs for andre – og vite kven du kan støtte deg på når krisa kjem. Ingen kan klare alt åleine, men saman kan vi klare mykje.
Ein beredskapsven kan bidra med:
- Utstyr – som aggregat, kokeutstyr eller ekstra vatn
- Kompetanse – førstehjelp, språk, praktisk hjelp
- Omsorg og støtte – det er stressande å stå i ei krise, og psykisk støtte er like viktig som fysisk hjelp
 
Under folkemøtet vann ein heldig deltakar eigenbereskapsutstyr verdt 1500 kroner. Utstyret er sponsa av Biltema Ulsteinvik.
 
Psykisk støtte – den gløymde beredskapen
Kriser skaper uro og stress. Å ha nokon å prate med, dele bekymringar med eller berre vere saman med, kan vere avgjerande for å halde motet oppe.
Som beredskapsven kan du, i tillegg til å stille med utstyr, bidra med:
- å sjekke innom naboar som bur åleine
- å lage avtalar om å møtast eller halde kontakt
- å tilby praktisk hjelp som gir tryggleik, til dømes å gjere innkjøp, lage mat saman eller dele varme
 
Kommunen sine beredskapsvener
Hareid kommune har mange beredskapsvener – frå frivillige organisasjonar til næringsliv og naudetatar. Nokre har vi formelle avtalar med, andre er del av uformelle nettverk.
Under folkemøtet fekk publikum møte to av desse hjelper oss med utstyr, personell og kompetanse når krisa er ute:
- Sivilforsvaret, ved Jeanette Brandal
- Røde Kors, ved Marte Holseker og Per Espen Soleim
 
I tillegg hadde Eirik Øren frå Linja eit innlegg om kvifor straumen kan forsvinne og korleis Linja jobbar med beredskap for å sikre at straumen ikkje fell bort. 
 
Korleis kan du vere ein beredskapsven?
God beredskap handlar ikkje om å ha alt sjølv, men om å lage avtalar og nettverk. Start med dei fire V-ane. Har du desse på plass, har du kome langt:
- Vener: Avtal med naboar, familie eller kollegaer om å hjelpe kvarandre. Har du ekstra ved, vatn eller kokeutstyr? Tilby det. Manglar du noko? Spør. Tenk særleg på dei som bur åleine eller er eldre. Dei kan trenge ekstra støtte og tilsyn i krisesituasjonar.
- Vatn: Ha minst 20 liter per person i husstanden. I dunkar som er vaska med klorinvatn (og skyldt god), kan vatn kan lagrast lenge.
- Varme: Ha alternativ oppvarming eller ein plan for kven du kan flytte inn hos om straumen går. Hugs branntryggleiken (røykvarslarar, sløkkeutstyr). Bruk berre varmekjelder som er godkjende for innandørs bruk.
- Varsling: Kommunen vil opprette informasjonspunkt på helsehuset. Her vil du også kunne få akutt helsehjelp, eller kontakt med naudetatar. Ha DAB-radio med batteri. Avtal korleis du og dine beredskapsvener skal halde kontakt når mobilnettet fell bort.
 
Frukostmøte for næringslivet
Også verksemdene kan vere beredskapsvener. På frukostmøtet torsdag 30. oktober, som var eit samarbeid med Vekst i Hareid, diskuterte over 30 lokale bedrifter korleis dei kan halde hjula i gang ved langvarig straumstans – og korleis dei kan hjelpe kundar og lokalsamfunn.
Innlegg kom frå Linja, Tussa og Telenor om korleis dei jobbar for å sikre straum og samband.
LES OGSÅ: Eigenberedskap for verksemder
Tilsette med god eigenberedskap = betre beredskap
Kommunen oppmoda verksemder til å ta opp temaet eigenberedskap internt. Tilsette som er godt førebudde heime, har større kapasitet til å bidra på jobb når det trengst som mest.