Eit skritt nærare ferdig vatn og avløp på Røyset

Dei 2,3 kilometrane med sidegreiner til vatn- og avlaupsgrøfta blir no lyst ut på anbod.

Snipsøyrdalen og Hareidsdalen sett frå stien opp mot Melshornet. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Anbod på sidegreiner vatn og avløp Røyset blir fredag 23. oktober lyst ut på databasen for offentlege innkjøp, Doffin. Totalt skal det gravast over 2,3 kilometer med vatn- og avlaupsgrøft. Traseane for grøfta er prosjektert etter innspela som kom inn tidlegare i år.

Vi håper no på gode prisar og dyktige entreprenørar med ledig kapasitet slik at vi kan kome i gong med dette arbeidet som mange etterspør.