KS konsulent og Erlend Friestad
Chriss Madsen er fagansvarleg for KOSTRA og tenesteanalysar i KS Konsulent (KSK), og har brei erfaring med å støtte kommunar i arbeidet med styringssystem, budsjettoppfølging, brukarundersøkingar og kvalitetsutvikling.
- Chriss er ein kapasitet når det kjem til økonomisk analyse av kommunal tenesteproduksjon, kvalitet og KOSTRA. Eg har hatt gleda av å møte han fleire gongar i løpet av dei ti -tolv siste åra og det har vore like spanande og lærerikt kvar gong. Eg er sikker på at både kommunestyret og leiargruppa vår vil ha stort utbytte av dette besøket. Eg vonar det skal gi politikarane eit betre grunnlag for rett prioritering og oss i administrasjonen ei betre forståing og eit betre grunnlag for å gjere godt og relevant analysearbeid, seier kommunedirektør Bent Arild Grytten.
Den 6. november deltek han i kommunestyret, og dagen etter skal han vere med på utvida leiarsamling. Her vil han bidra med innsikt og refleksjonar rundt korleis Hareid kommune kan bruke data og analysar til å utvikle tenestene vidare.
Kva er KOSTRA?
KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering) er eit nasjonalt informasjonssystem som samlar inn og presenterer data om ressursbruk, tenesteproduksjon og resultat i norske kommunar og fylkeskommunar. Tala gir eit grunnlag for samanlikning, styring og utvikling av offentlege tenester, og er eit viktig verktøy for både administrasjon og politisk leiing.
Om KS Konsulent
KS Konsulent arbeider årleg med rundt 200 kommunar – frå dei minste til dei største – og tilbyr rådgiving basert på djup innsikt i kommunesektoren. Visjonen deira er å levere etterspurde tenester som bidreg til å utvikle og ivareta kommunane sitt samfunnsoppdrag. Dei jobbar tett med oppdragsgivarane for å sikre at rådgivinga gir reell verdi.