Enorm respons på Facebook-post om dårleg veg

Før helga la vi ut bilete av at kommunalteknikk var rundt og tetta hol i vegane våre. Det resulterte i over 50 nye meldingar om hol.

Peder Alme  

Vi har tatt imot alle innspela, og mange av hola blei faktisk tatt før helga. Dei tilsette vil halde fram med arbeidet når vêret tillèt det.

Fleire av vegane våre er godt slitte. Det betyr at dei er ekstra utsette for skader som igjen kan føre til hol. Nedbør og frost er med på å auke skadefrekvensen.

Utfordringa no er at det framleis ei tid framover vil vere for kaldt til å leggje anna enn vanleg grus i hola. Arbeidet vi gjer no er dermed ei mellombels løysing. Vi må vente med oljegrus og eventuell asfalt til våren.

Når det gjeld asfalt, er dette også eit budsjettspørsmål. Vi har avgrensa med ressursar til dette, og må prioritere dei gatene som er verst stilt, men også sjå på trafikkmengd.

Hald fram med å melde inn når de oppdagar hol. Send e-post til postmottak@hareid.kommune.no eller bruk fiksgatami.no. Der kan de også sjå kva feil andre har meldt inn. Så slepp de å melde inn same feil fleire gonger.