Her er eit eksempel på eigenberedskapslager. På sikkerhverdag.no kan
Erlend Friestad
Råda frå myndigheitene er at du er budd på å klare deg sjølve i ei veke, slik at kommunar og naudetatar kan prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise.
Korleis blei brosjyren tatt imot? Ei fersk befolkningsundersøking viser at to av tre innbyggjarar over 18 år har lese heile eller delar av brosjyren. Det er særs gode tal!
LES MEIR: Slik jobbar vi med beredskap i Hareid kommune
Stor interesse
Både vi i Hareid kommune og Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) har merka stor interesse for eigenberedskap. Hareid kommune hadde mellom anna eit godt besøkt folkemøte i haust, og DSB har fått hundrevis av førespurnader frå folk som vil vite meir! Førespurnadene held fram med å strøyme inn også i 2025, og mange ønskjer å dele ut brosjyren i foreiningar, organisasjonar og burettslag.
Heile 93 prosent fortel at dei kjenner til myndigheitene sine eigenberedskapsråd. Av dei som har lese brosjyren, fortel nesten tre av fire at dei har gjort tiltak, eller planlegg å gjere tiltak, for å betre eigenberedskapen som følgje av informasjonen i brosjyren.
LES MEIR: Les alle eigenberedskapsråd og få gode tips på sikkerhverdag.no
At folk er interesserte i eigenberedskapsråda, og at mange har tatt råda til seg, tyder på at befolkninga har tillit til myndigheitene sine råd. Dette er sjølvsagt ein stor styrke for samfunnet vårt – ikkje minst når vi saman skal førebyggje og handtere ulike kriser. For å bevare denne tilliten er det viktig at myndigheitene held fram med å vere så opne og ærlege som mogleg om dei farane og sårbarheitene vi har, og at vi stimulerer til debatt og har respekt for ulike meiningar – også om beredskapsspørsmål.
Manglande utføring
Betyr dette at folk si eigenberedskap er tipp topp? Nei, det er dessverre ikkje så enkelt. Send ein reporter ut på gata som spør folk om dei har eit godt beredskapslager, så svarer under halvparten ja. Endå færre viss intervjua er yngre menneske som bur i byar.
Befolkningsundersøkingane Ipsos har gjort for DSB viser at i underkant av halvparten (47 prosent) av befolkninga lagrar drikkevatn. Og berre litt over halvparten (56 prosent) melder at dei har tenkt gjennom kva dei skal gjere viss straumen forsvinn over lengre tid.
Forbetring
Men desse tala fortel også ei anna historie. I 2017 var det berre 21 prosent som hadde lagra drikkevatn, og 35 prosent som hadde tenkt gjennom kva dei skulle gjere ved lengre straumbrot. Her har det altså skjedd ei vesentleg styrking av folk si eigenberedskap på få år.
Ifølgje DSB sine undersøkingar er det altså ei auke på fleire hundre tusen hushald som no lagrar vatn og tenkjer gjennom si beredskap, samanlikna med for berre få år sidan.
Dette skuldast nok fleire faktorar. Både koronapandemien, ulike ekstremvêrhendingar i inn- og utland og ikkje minst fullskalakrigen i Ukraina, har bidrege til at folk ser annleis på beredskap i dag. Slike kriser aukar medvitet og motivasjonen for å gjere førebuingar. Praktiske og enkle råd gjer det enklare for folk flest å ta grep.
Eigeninteresse med solidarisk bakteppe
I tillegg er det tydeleg at mange ser at dei er ein del av Norges beredskap. Eigenberedskap har ein dose eigeninteresse, men det er i høgste grad også eit solidarisk prosjekt: Viss du følgjer råda har du betre føresetnader for å ta vare på deg og dine i ei krise – og du bidreg til at myndigheitene kan prioritere dei som treng mest hjelp.
Teksten er basert på ein kronikk på DSB sine nettsider. Her kan du lese han.