Alle dei tilsette i barnehage og skule var samla til felles fagdag i aulaen på Hareid ungdomsskule før skulestart.
Jeanette Reiten
Torsdag 14. august var alle tilsette klare til offisiell opning av barnehage- og skuleåret, og klare til ny innsats for små og store barn og elevar i Hareid kommune. Slike fagdagar er med på å byggje oss saman og skape kollektiv læring og bygge opp rundt satsingsområde for Hareid kommune sine barnehagar og skular.
Anne Randi Fagerlid Festøy og Hildegunn Hovde frå Høgskulen i Volda var saman med oss og hadde gode faglege innlegg på satsingsområdet vårt i barnehage og skule. Høgskulen i Volda arbeider tett på barnehagar og skular gjennom kompetanseordningane til Utdanningsdirektoratet. Vi samarbeider også tett vi kommunane på Søre Sunnmøre kring dette.
Det var godt gjort at Anne Randi og Hildegunn, som var to levande foredragshaldarar, klarte å fengje 190 tilsette i ulike profesjonar frå barnehage, skule og PPT. Dei var gjennom eit breitt felt innanfor språk, leik og lesing og det viktige fellesskapet, der alle skal kjenne at dei er deltakarar og høyrer til.
Vi tilsette fekk mykje å tenkje på og motivasjon og kunnskap til utvikle einingane våre framover. Samstundes fekk vi bekrefta det vi får til og er gode på. Alt i alt var det ein kjekk dag med kompetansebygging og bygging av fellesskap mellom barnehagar, skular og støtteapparatet rundt.