Får møte og feire prinsesse Ingrid Alexandra

Pravin er leiar i ungdomsrådet i Hareid kommune, og har vore engasjert i mykje av det som skjer på Hareid i mange år. Dette arbeidet har no ført til at han får treffe prinsesse Ingrid Alexandra.

Bilete av Pravin Selva og prinsesse Ingrid Aleksandra - Klikk for stort bilete privat / Ida Bjørvik, Det kongelige hoff   

Regjeringa skal 16. juni gi ein festmiddag i gåve til prinsessa i høve 18-årsdagen hennar, og to ungdomar frå kvart fylke er invitert som æresgjestar. Ein av desse er altså vår eigen Pravin Selva!

Hareid kommune er stolt av å ha dyktig ungdom i kommunen vår, og kulturkonsulenten har tatt ein prat med Pravin om korleis det har seg at han er invitert.

- Så spennande, Pravin! Fortel!

- Ja, det blir veldig kjekt og spennande! Som leiar i ungdomsrådet var eg med på eit møte med statsforvaltaren ilag med kommunedirektøren og ordføraren i Hareid kommune. Møtet handla om berekraft og visjonar framover. Statsforvaltaren vart imponert over arbeidet mitt i ungdomsrådet og planane mine framover. Eg må sei eg vart litt stolt då ho sa at ho trudde ho ville sjå meg igjen i media, fortel Pravin

- Så kjekt! Og så dumpa det inn ein invitasjon i e-postboksen din?

- Ja, eg vart nominert av statsforvaltaren og så det kom ein høgtidleg invitasjon, men eg tenkte at det var ikkje mogleg! Det måtte vere nokon som tulla med meg. Så eg ringte og sjekka, og sendte melding til statsforvaltaren som forsikra meg om at dette var rett.

- Litt av ein invitasjon då?

- Ja, og no har eg takka ja og gler meg! Det er regjeringa som inviterer til festmiddag og både statsministeren og kongefamilien vil vere der. Vi ungdomane er inviterte fordi prinsessa skal bli kjent med dei ho ein dag skal leie. Nokre av oss blir plukka ut til å få snakke med henne, og eg håper eg får sjansen til det. Det hadde vore kjekt.

- Vi ynskjer deg lykke til, og gler oss til å høyre korleis du har hatt det. Litt på tampen lurer eg på kva arbeidet i ungdomsrådet har betydd for deg?

- Det har vore veldig kjekt. Eg har lært mykje og fått vore med på mykje spennande. Vi har jobba hardt for at ungdomane på Hareid skal ha det bra, og det er kjekt å sjå at det har skjedd, og skjer mykje positivt framover. Vi har fått helsehuset med bibliotek, ungdomsklubben er open, det blir tilsett ungdomsarbeidar i kommunen, fotballhall er på plass og turnhallen kjem. Det er mykje å glede seg over! Nominasjonen frå statsforvaltaren var meint som ein motivasjon for vidare arbeid, og det føler eg verkeleg at det er.

Hareid kommune ønsker Pravin god tur og lukke til med å representere Hareid kommune og Møre og Romsdal fylke på ein god måte.

Her kan du lese meir om festmiddagen til regjeringa.

PS: Den andre ungdomen frå fylket er Niels Adon Leenders. Han er frå Ulsteinvik. Det vil seie at begge ungdomane er frå øya vår!