Fare for gras- og lyngbrann og generelt bålforbod - Hareid kommune

Fare for gras- og lyngbrann og generelt bålforbod

Det er no sendt ut gult farevarsel for gras- og lyngbrann i Møre og Romsdal og Nordfjord. Ifølgje varselet kan vegetasjonen lett ta fyr, og store område kan bli råka dersom ein brann først startar.

kart der område med gult farevarsel er merka - Klikk for stort bilete met.no

Det er ikkje venta særleg nedbør dei næraste dagane, ifølgje yr.no. Tørt vêr over tid aukar risikoen for brann i gras, lyng og skog.

Hareid kommune ber alle innbyggarar og besøkande om å vere ekstra varsame og ikkje bruke open eld ute i naturen.

 

Gult farevarsel – dette betyr det

Farevarselet frå Meteorologisk institutt seier at:

  • vegetasjonen kan lett antennast
  • brannar kan spreie seg raskt
  • store område kan bli råka

 

Du kan lese meir om skogbrannfare og farevarsel her.
 

Generelt bålforbod frå 15. april

Frå og med 15. april gjeld det eit generelt bålforbod i heile landet. Forbodet varer kvart år til 15. september og er heimla i brann- og eksplosjonsvernlova.

I denne perioden er det forbode å gjere opp open eld i eller nær skog og utmark. Dette omfattar mellom anna bål, grillar og eingongsgrillar. Forbodet gjeld også på strender, svaberg og andre utmarksområde.

I perioden med bålforbod er det likevel lov å tenne bål om det er openbert at det ikkje kan føre til brann – til dømes der det ligg snø eller at det har vore ein lengre nedbørsperiode.

Den som gjer opp eld, har alltid ansvar for at det ikkje oppstår brann.