Feil inkassovarsel frå Hareid kommune

Har du motteke inkassovarsel for juni-rekninga frå Hareid kommune? Fortvil ikkje, det er ikkje din feil

Mann som ser forskrekka på ein faktura - Klikk for stort bilete Pexels.com

Feilen stammar frå junifakturaen. Då skjedde det ein glipp med distribusjonen som gjorde at mange ikkje fekk faktura. Det gjorde også at dei som hadde avtalegiro ikkje blei trekt i banken. Vi sendte ut ny faktura til mange, men ein del gjekk likevel under radaren.

Vi bad derfor inkassoleverandøren vår om å sende ut ei påminning til desse. Dessverre blei den sendt med renter og inkassogebyr, noko som ikkje var planen.

Kva gjer du no? Du har fått rekninga fordi du ikkje fekk og derfor ikkje betalte juni-fakturaen. Du må betale denne, men kan sjå vekk frå renter og gebyr. Du skal derfor berre betale det opphavelege beløpet.

Ytterlegare spørsmål kan de rette til okonomi@hareid.kommune.no eller ringe sentalbordet vårt på 70 09 50 00.