Feil retta - Fiber-brot på kommunale bygg

Ein fiberkabel blei fredag morgon greven over. Det har kutta nettilgang til mange kommunale bygg.

Nettkabel inn i ruter. - Klikk for stort bilete Pexels.com

Oppdatering klokka 1315: Feilen er no retta.

Bygga det gjeld er:

  • Hareid skule
  • Hareid ungdomsskule
  • Hareid barnehage
  • Hareid brannstasjon
  • Hjellebakken
  • Gamle Helsestasjonen
  • Kulturskulen
  • Teknisk utelager

 

Det er eit omfattande brot, og nettilgangen vil vere borte «ut dagen» (fredag), er prognosane. 

Mest kritisk er bygga som har pasientvarslingsanlegg. Her er alternative løysingar sett i verk og fungerer.

Tryggleiksalarmar for utebrukarar og telefonar inn til sjukeheimen/heimetenesten fungerer som normalt.

Heldigvis er det fridag for skule- og barnehage, så konsekvensane her blir små.