Fekk du papirfaktura på dei kommunale avgiftene frå oss?

Dette er forklaringa.

To personar som er frustrert over papirfakturaar. - Klikk for stort bilete Pexels.com

Normalt får innbyggarane våre faktura for kommunale avgifter i starten av månaden dei skal betalast. Vi har seks terminar: februar, april, juni og så bortetter.

Ein teknisk feil gjorde at utsending av fakturaane ikkje gjekk som ho skulle. Då dette blei oppdaga, sendte vi ut fakturaane på nytt. No viser det seg at ein god del av fakturaane denne gongen blei sendt ut som papirfakturaar.

Det betyr at mange som er vande med å få elektroniske fakturaar gjennom e-faktura og avtalegiro, må sjekke postkassa si for å få betalt juni-rekninga. På denne fakturaen står også den gamle forfallsdatoen, som var 20. juni. Det er berre å betale rekninga som normalt.

Enkelte har ikkje fått faktura i det heile tatt. Gjeld det deg? Send ein e-post til postmottak@hareid.kommune.no, så skal vi sende deg ein kopi.

Vi ber om orsaking for rotet.