Fekk øvd seg på livsviktig kunnskap

I 7. klasse på Bigset skule har dei i kroppsøving dei siste vekene lagt vekt på førstehjelp.

Å øve på hjarte- og lungeredning er gøy, sjølv om temaet er alvorleg. Solveig Husby

Dei har fått opplæring i alt frå sårskadar, brannskadar og hjarte-lunge-redning. Det siste fekk dei testa skikkeleg i førre veke. Då fekk dei låne førstehjelpsdukkene til Hareidlandet Triatlon og fekk profesjonell instruktør med på «kjøpet», nemleg kommunalsjef i sektor for velferd, Ottar Røyset. Han har masse erfaring i førstehjelp som sjukepleiar og ambulansearbeidar.

 

Elevane tok oppgåvene på alvor og viste at dei forstod at dette er viktig, ja livsviktig, kunnskap. Og sjølv om temaet er alvorleg, er det kjekt å lære frå ein erfaren førstehjelpar som Ottar.

Vil du bu på sentral tomt med masse utsikt?

Snart kjem utsiktstomtene på Plassane for sal. Dette er sjølvbyggartomtar

Send e-post til Aina Giskeødegård Balsnes om du er interessert i ei av tomtene, eller informasjon om dei. 
Vi vil då halde deg oppdatert på salsprosessen, arbeidet med tomtane og anna relevant informasjon. Registreringa er ikkje forpliktande.

Sjå elles hareid.kommune.no/plassane for utfyllande informasjon.