Fem personar «sakna» under røykfull brannøving

Måndag 28. august var det storstilt brannøving på Hjellebakken for både personal og brukarar med bu- og habiliteringstenesta.

Brannmannskap i fullt røykdykkarutstyt på veg inn i Hjellebakken 6. - Klikk for stort bileteBrannvesenet visste ikkje kva som venta dei då dei kom fram til Hjellebakken. Harald Øverenget
Sjå biletetekst - Klikk for stort bileteBrannmannskap går gjennom teikningar for å få oversikt over bygningsmassen på Hjellebakken. Harald Øverenget

Øvinga var ikkje varsla, så det var berre eit fåtal av personalet som visste kva som skulle skje.

Planen var å øve på å evakuere alle bebuarane med bemanninga som på vanleg er på vakt. For å gjere det mest mogleg reelt, blei det sett ut røykmaskin i kjellaren på Hjellebakken 6 og brannalarmen blei løyst ut.

 

Full utrykking

Det blei så ringt til 110-sentralen og som sende ut det dei hadde, med mange bilar og brannmannskap. Dei som kom, visste ikkje på førehand kva som venta dei og kva oppgåver dei måtte løyse saman og kvar for seg.

For å skåne bebuarane mest mogleg, var det fyrst berre ei bod som blei fylt med røyk. Då alle var ute, blei bod-døra opna og røyken spreidde seg i heile bygget. To tilsette blei sett ut som markørar i to ulike leilegheiter. Dei hadde fått beskjed om å gøyme seg, noko som kan skje i ein reell situasjon.

 

Popkorn og saft

Brannmannskapa er ikkje kjende i lokala frå før, og med fullt røykdykkarutstyr måtte dei søkje seg fram til dei som var sakna. Totalt måtte dei finne fem «sakna» personar. I tillegg til dei tilsette blei det brukt dokker.

Medan brannvesenet søkte etter dei «sakna», blei bebuarane talt opp og flytta til Hjellebakken 8. Her fekk dei popkorn og saft. Dei fekk også vite at dette berre var ei øving og ikkje farleg.

 

Hjartestans

Sjå biletetekst - Klikk for stort bileteBrannmannskapa fekk også prøve seg på hjarte- og lungeredning då ein av deltakarane på øvinga, redningsdukka Anna, fekk hjartestans. Harald Øverenget

Etter kvart fann brannvesenet markørane. Dei fekk på seg følgjemaske og blei leia ut i frisk luft og tryggleik. Det var mykje tjukk røyk, høg lyd og vanskeleg for markørane å orientere seg, men dei kjende seg godt ivaretekne av brannmannskapa.

Blant dei evakuerte på Hjellebakken 8 var det plutseleg ein som hadde fått hjartestans og måtte ha akutt hjelp med hjarte- og lungeredning og hjartestartar. Heldigvis var det berre livredningsdokka Anna som brannmannskapa skulle øve seg på.

Dei fekk liv i ho.

Etter øvinga vart røyken fjerna ved hjelp av vifter og dei tilsette og brannmannskapet hadde ein kort debrief.