Feriestengt SFO og nye opningstider?

Reglementet for SFO skal opp til handsaming med mål om å spare utgifter. Feriestengt SFO, reduserte opningstider og flytting av SFO er moglege tiltak dei folkevalde må ta stilling til.

dronefoto av Hareid skule - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Dette er ein av sakene som skal opp i formannskapet 10. juni og vidare til kommunestyret 20. juni.

Du kan sjå møtet i formannskapet direkte på nettsidene våre frå klokka 12,  måndag 10. juni, og kommunestyret frå klokka 15 20. juni.

Alle sakspapira til formannskapsmøtet kan du lese her. Det vil kome eit samandrag av saklista her på nettsidene før helga.

Saka om SFO har vore oppe tidlegare. Dessverre ser ikkje sektoren nokon veg utanom å føreslå og greie ut ulike alternativ til innsparing, for å implementere desse i dei nye vedtektene.

Bakgrunnen er den alvorlege økonomiske situasjonen til kommunen og sektor for læring og kultur. Det blir derfor lagt fram fire forskjellige alternativ som synleggjer fire moglege endringar og innsparingar. Reknestykket er utarbeida før gratis SFO på 3. trinn blir iverksett frå haust 2024. Det betyr at potensiell innsparing for dei ulike alternativa er enda høgare.

Innsparingsforslaga

Dei fire alternativa er som følger:

Alternativ 1: Feriestengt SFO – Hareid, Bigset og Hjørungavåg
Total innsparing 909 250,74 kroner

Alternativ 2: Feriestengt SFO som alternativ 1, men også redusert opningstid  på 1,5 time per dag. Noverande opningstid er frå klokka 07 til 1630. Ny opningstid frå 0730 til 1530.
Total innsparing 2 484 096 kroner

Alternativ 3: Feriestengt, redusert opningstid i Hareid som i alternativ. I tillegg legge ned Bigset og Hjørungavåg SFO. 
Total innsparing 3 787 674 kroner

Alternativ 4: Feriestengt Bigset og Hjørungavåg, i tillegg til å legge ned Hareid SFO
Total innsparing 5 944 049 kroner

 

I saksframlegget skriv administrasjonen at sektoren bør starte med å redusere og eller ta bort oppgåver som ikkje er lovpålagde. Det er lovpålagt å ha eit SFO-tilbod, men SFO ikkje er ein lovpålagt oppgåve når skulen har ferie. Det er også lovpålagt å ha SFO opent før og etter skuletid, men når SFO opnar og stenger styrer kommunen sjølve. Det er heller ikkje lovpålagt å ha eit SFO-tilbod på kvar enkelt eining, men i kommunen.

Konsekvensar

Konsekvens for brukarar (barn og unge) er at føresette berre kan nytte SFO i skuleåret, 38 veker. Det blir vanskelegare for føresette å få kvardagane til «å gå opp» i samband med skuleferiar. Enkelte born med store hjelpebehov og deira føresette vil bli særskilt påverka av endringa. Dei må, om dei har behov, søkje om avlastning gjennom sektor for velferd.

For dei tilsette vil forslaga ha positive konsekvensar som større vaksentettheit i kjernetid. Det vil også bli betre organisering og arbeidsdagar for dei tilsette noko som er positiv for arbeidsmiljøet, noko som vil redusere sjukefråværet i ei tid det er krevjande å skaffe vikarar.

Innsparinga på SFO kan få konsekvens at sektor for velferd få høgare utgifter på grunn av auka etterspurnad etter avlastningstilbod.

Her kan du lese alle sakspapira til saka.