Folkemøte: No kan du seie di meining om Hareid innovasjonssenter

Skissa av Hareid innovasjonssenter er teikna av Eldar Hareide. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Torsdag 17. september kl 18.00 er det duka for allmøte der innbyggjarane i Hareid kan få seie si meining rundt planane om Hareid Innovasjonssenter og parken i Åsendalen.

Prosjektet er eit resultat av at ein ønskjer å få dekka fleire behov i kommunen på ein kostnadseffektiv måte ved å samlokalisere desse i eitt bygg. I prosjektet ligg det i dag forslag om å inkludere kontorlokale, møterom og amfi for næringslivet, eit fullverdig kulturhus, utandørs kulturscene, musikk- og kulturskule, ungdomsskule, ei form for handel eller trivselsskapande aktivitet mot Miljøgata og på toppen av alt få realisert eit parkareal med møteplassar i kjerna av Hareid sentrum.

Interessert i næringslivsnyheiter frå Hareid kommune? Lik Vekst i Hareid på Facebook.

Det er viktig å poengtere at dette er eit prosjekt i støypeskeia og at vi i denne fasen av prosjektet ikkje låser oss i dei planane som er lagt. Kanskje sit nettopp du på ein kjempegod idè som burde inkluderast i dette?

Vi håper derfor at mange engasjerer seg å møter opp denne dagen. Skal vi få til noko må vi stå saman og bygge framtida til Hareid ilag. Vel møtt!

Les meir om hendinga på Facebook-arrangementet.