Føreslår å leggje ned Hareid barnehage

I sak om endra barnehagestruktur føreslår administrasjonen å leggje ned Hareid barnehage. Det vil kunne spare kommunen for to millionar i året.

eksteriørbilete Hareid barnehage - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Saka skal handsamast i formannskapet 10. mars. I fyrste omgang er det snakk om å sende saka på høyring. Det er kommunestyret som skal ta endeleg avgjersle om barnehagestrukturen i Hareid kommune. Det skjer tidlegast 20. mai.

Møtet i formannskapet er ope for publikum og blir også sendt direkte på Facebook og nettsida her. Her kan du lese heile saklista til møtet.

Hareid kommune har svært god barnehagedekning og ledig kapasitet både i dei kommunale barnehagane og den private. Per no er det 26 barn i Hareid barnehage. Desse vil bli prioriterte over nye søkjarar om Hareid barnehage blir lagt ned.

 

Alternativ 1: Renovering og modernisering

I alternativ 1 beheld ein dagens barnehagedrift, men Hareid barnehage må renoverast/ moderniserast. Barnehagen er 49 år. Delar av bygget er bygd i 1976 og resten på slutten av 80-talet. Hareid kommune har vedlikehalde og oppgradert barnehagen etter beste evne. Til dømes oppgradering av uteområdet i 2019 med nye leikeapparat og fallmatter (noko treng vedlikehald no). Nytt ventilasjonsanlegg i 2018/2019. Nye gjerder rundt heile barnehagen i 2018. Delar av kledninga er skifta, og dei fekk ny sykkelbod i 2019. Men den står fram for store kostnader til vidare vedlikehald til dømes skifting av vindauger. Den er ikkje universelt utforma etter dagens standard, det er endra behov frå barnehagen var ny, jamfør garderobeforhold og endra brukargruppe med fleire små barn i barnehagen, barn med særskilde behov og nedsett funksjonsevne.  Trafikk og parkeringsforholda er ikkje bra. 

  • Beheld tilsette. Det er Ikkje behov for oppseiingar og endring av arbeidsstad i kommunen.
  • Ein to-avdelings barnehage gir eit trygt og oversiktleg miljø både for barn, føresette og tilsette
  • Hareid barnehage har ei god lokalisering
  • Hareid barnehage er ein bauta i historia til Hareid kommune, då den var den første barnehagen i kommunen
  • Ein mistar ikkje nærbarnehagen i byggefeltet
  • Lite fagmiljø
  • Hareid barnehage er ei mottaksbarnehage. Barnehagen har eit kulturelt mangfald som bidrar til at barna får lære om andre kulturar og språk.
  • Hareid barnehage må renoverast/moderniserast. Dette fører til auka kostnadar
  • Pr i dag går om lag 54 prosent av barna i Hareid i kommunal barnehage og 46 prosent i privat barnehage. Det vil seie at det er ganske likt fordelt mellom kommunal og privat
  • Ingen økonomisk innsparing

 

Alternativ 2: Nedlegging 

I alternativ 2 legg ein ned dagens Hareid barnehage, og privat/kommunal tek over barna som går ved Hareid barnehage per i dag.  Sektor for læring og kultur gjennomfører barnehageopptaket for 2025/26 i april/mai. Om Hareid barnehage skulle bli nedlagt i kommunestyret si endelege handsaming av saka, vert desse borna prioritert i dei eksisterande barnehagane før nye søkjarar. 
Hareid barnehage er den kommunale barnehagen som dreg opp kostnadane til drift i kommunale barnehagar, fordi den er for liten til å bli driven optimalt kostnadseffektiv. I tillegg står barnehagen fram for store kostnadar til vedlikehald. Hareid barnehage har store etterslep på vedlikehald av bygget. I tillegg har det dei siste åra vore nokre utfordringar med å fylle opp barnehagen med barn. Barnehagen er 49 år. Bygd i 1976. Den er ikkje universelt utforma etter dagens standard og det er endra behov frå barnehagen var ny,  jamfør garderobeforhold og endra brukargruppe med fleire små barn i barnehagen, barn med særskilde behov og nedsett funksjonsevne. Trafikk- og parkeringsforholda er ikkje bra.

Alternativ 2 gir like godt samsvar mellom behov og kapasitet i skulekrinsen som alternativ 1.

Fordelar og ulemper ved å legge ned Hareid barnehage

  • Endring av arbeidsstad for dei tilsette. Det er behov for endring av arbeidsstad i kommunen
  • Får eit større fagmiljø ved arbeidsplassen og eit godt kompetansemiljø i skulekrinsen. 
  • Slik finansieringssystemet er, vil kommunen vere tent med drift av større kommunale barnehagar
  • Mindre valmoglegheit for føresette som skal velje barnehageplass
  • Misser ein nærbarnehage i byggefeltet
  • Framleis valfridom for foreldre i val av to barnehagar i skulekrinsen
  • Meir økonomisk berekraftig enn alternativ 1
  • Ein kan få fleire barn i private barnehagar enn i kommunale barnehagar
  • Ein kan tenke sambruk av lokale til andre kommunale føremål eller selje bygg og tomt for å frigjere kapital. Kommunen har henta inn eit estimat på 2,5 million kroner for sal av tomt og bygg. Skulle eit sal og ei meir treffsikker verdivurdering vere ønskjeleg, bør kommunen få utarbeidd takst av eigedomen

 

Konklusjon Administrasjonen meiner at nedlegging av Hareid barnehage er det mest framtidsretta alternativet for kommunen. Dette vil sikre ein berekraftig barnehagestruktur og betre økonomi for Hareid kommune i åra som kjem.