Formannskapet skal få presentert budsjettet for Hareid kommune

Onsdag 11. november skal Hareid formannskap få presentert budsjettet for neste år. Dei skal også handsame fleire andre saker.  Les meir her.

Hildegunn Thomassen  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Budsjettet: Konstituert kommunedirektør vil presentere budsjettet for neste år for formannskapet. Dette vil skje etter den ordinære saklista. Dette er berre fyrste stopp på vegen for budsjetthandsaminga.

I vekene som kjem skal budsjettet bli presentert for ungdomsrådet, eldrerådet og RFU og det skal handsamast i levekårsutvalet, næring- og miljøutvalet og formannskapet før endeleg vedtak i kommunestyret 10. desember.

Den ordinære saklista blir tatt før budsjettpresentasjonen. Møtet vil bli sendt direkte frå kl 09 og vil også vere tilgjengeleg i opptak.

 

 

Her kjem eit samandrag av nokre av dei andre sakene som formannskapet skal ta stilling til.
Her kan de lese innkalling og sakliste. (PDF, 402 kB) (Via denne lenka kan de lese fullstendige sakspapir frå måndag)

I forkant av møtet skal valstyret (som i praksis er formannskapet) også ta stilling til om Hareid kommune skal ha ein eller to valdagar til neste års stortingsval og opningstidene for vallokala. 

Folkehelseoversikt 2020

Kommunen skal ha oversikt over tilhøva og dei faktorane som verkar positivt eller negativt inn på helsetilstanden, for å kunne setje i verk tiltak som har effekt på folkehelsa. No har folkehelsekoordinator utarbeidd oversiktsdokumentet er ein del av i kommunen sitt systematiske planarbeid.

Saka skal vidare til kommunestyret for endeleg vedtak.

God Helse-samarbeidsavtale

Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr kommunane i Møre og Romsdal å inngå God Helse-samarbeidsavtalen som årlig utløyser tilskot på kroner 125 000 til kommunen for perioden (med føresetnad om oppfølging av vilkår i avtalen og løyving på budsjett).

God Helse-samarbeidsavtalen omfattar mellom anna avtalepartane sine ansvarsområde i det helsefremmande og førebyggjande arbeidet. I vedlegget til avtalen er økonomisk tilskot frå fylkeskommunen, i tillegg til den enkelte kommune sine prioriterte arbeidsområde i perioden, beskrive. Tilskotet skal brukast til å finansiere arbeidet med ansvarsområde i punkt 3 og arbeidsområder for kommunen for avtaleperioden spesifisert i vedlegg 1, del 3.

Saka skal vidare til kommunestyret for endeleg vedtak.

Nye vedtekter for SFO

Rådmannen legg fram forslag til endringar i SFO-vedtektene, grunna endring i opplæringslova og forskrift til denne.  Der er mellom anna frå 1. august 2020 innført ei moderasjonsordning for barn frå familiar med låg inntekt.

Seks kommunar i vår region har i fellesskap kjøpt inn programmet Tieto Education.  Faktura og moderasjonsordning vert køyrt via dette programmet.  Vedtektene har behov for endringar for at dette skal fungere optimalt.

Saka skal vidare til kommunestyret for endeleg vedtak.

Velferdsteknologi – handlingsplan

Å ta i bruk ny velferdsteknologi krev involvering av fleire aktørar og god planlegging. Tenestemottakarar, tilsette og pårørande skal vite kva velferdsteknologiske løysingar som vi tek i bruk, ha kunnskap om desse og vere trygge på løysingane. I tillegg må vi ha fokus på sikkerheit, etikk og økonomi.

Fleire av produkta innan velferdsteknologi vert no leigd. Det medføre reduksjon i investeringskostnadane i handlingsplanen, men auke i driftsbudsjett til døme elektronisk medisinstøtte. Desse endringane er tatt med i investering-/ og driftsbudsjett 2021.   

Målet er at velferdsteknologi skal vere ein integrert del av tenesteytinga innan 2022. Handlingsplanen gir føreseielegheit knytt mot val av velferdsteknologi i Hareid kommune.

Saka skal vidare til kommunestyret for endeleg vedtak.

Investeringstiltak 2021

Administrasjonen presenterer aktuelle investeringstiltak for 2021 om ei prioritering i høve kva om skal prioriterast inn i den på gåande budsjettprosessen. Prioriteringa vil berre vere rettleiande for administrasjonen og endeleg vedtak vert tatt i budsjettvedtaket i desember. Saka skal vidare til kommunestyret. 

Snipsøyr skule

Levekårsutvalet vedtok i sitt møte at kommunen skal greie ut om dei skal ta over skulebygget i Snipsøyrdalen for å utvikle eit skulemuseum. Ordførar har bedt om å få saka også til formannskapet for til vurdering.