Forslag til politisk reglement klart. Kva meiner du?

Kommunestyret ønsker eit heilheitleg reglement for dei folkevalde og dei folkevalde organa. No er forslaget frå administrasjonen klart.

  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Kvifor skal eg som vanleg innbyggar bry meg med det, spør du kanskje?

Ved å ha oversikt over det politiske reglementet, vil du vere betre stilt for å delta i lokaldemokratiet og dermed å større sjanse til få gjennom dine saker. Reglementet inneheld fleire moglegheiter for deg som «berre» er innbyggar til å påverke. Mellom anna:

Open spørjetime

Før kvart kommunestyremøte kan innbyggarar stille spørsmål eller kome med meiningsytringar frå talarstolen.

Forslagskasse til politikarane

Innbyggarar i Hareid kommune kan levere inn skriftlege innspel til kommunestyret. Det er den «skriftlege» utgåva av open spørjetime. Dette punktet er nytt.

Innbyggarforslag

Har du eit forslag som du meiner politikarane MÅ ta stilling til, kan du samle støtte frå andre innbyggarar. Klarer du å samle 103 underskrifter (2 prosent av innbyggartalet) får du saka opp for kommunestyret.

Dette kjem i tillegg til kanskje det viktigaste bidraget du kan gi (utan å delta direkte i det politiske arbeidet: Kontakt dei folkevalde, fortel det du bryr deg om og sei meininga di. Kontaktinformasjon til politikarane i kommunestyret finn du via denne lenka.


Kva anna er nytt?

For dei folkevalde blir det ikkje store endringar. Det er kommunelova som regulerer rettar og pliktar for dei folkevalde og saksahandsamingsreglane i dei politiske møta. Denne lova gir også nokre moglegheiter til lokale variasjonar. Dagens praksis er i stor grad vidareført.

Den viktigaste endringar er at det no er éitt reglement som gjeld for alle. Då slepp dei folkevalde eller du som innbyggar å slå opp fleire stader for å få oversikt. Av same grunn har vi også integrert meir av lova i reglementet. Reglementet er derfor mykje fyldigare enn dei tidlegare reglementa.

Sidan vi berre skal ha eitt reglement, har vi tatt bort nokre av særreglane til utvala. Dette var uansett nyansar, så det er ikkje stor forskjell.

Den viktigaste endringa er kanskje korleis vi skal handtere spørsmål i møtet. Her har det vore ulik praksis frå organ til organ.

Her kan de lese heile forslaget. (PDF, 765 kB)

Frist med å kome med tilbakemeldingar: 31. januar. Send e-post til politikk@hareid.kommune.no

 

Gangen vidare?

Alle dei folkevalde har no fått reglementet. Dei har også blitt informert om arbeidet undervegs. Målet er å få eit vedtak i kommunestyret i løpet av våren.

No får alle kome med sine innspel slik at administrasjonen får god tid til å gjere eventuelle endringar før "endeleg" forslag blir lagt fram for dei folkevalde organa til fyrste "møtesyklus" i februar. Dersom det ikkje kjem store endringsforslag eller innvendingar i denne runda, kan dei kommunestyret vedta reglementet i møtet sitt 25. februar.

Skulle det kome forslag som krev ytterlegare utgreiingar, vil administrasjonen bede dei folkevalde om å sende saka tilbake til administrasjonen. Då får vi moglegheita til å kvalitetssjekke forslaga og sjå over at dei ikkje står i motstrid til kommunelova eller får konsekvensar andre stader i reglementet. Når vi har fått gjort det, vil saka bli meldt opp til fyrstkomande kommunestyresyklus.