Friluftsskule på Hareid for fyrste gong

Sunnmøre friluftsråd arrangerer friluftsskule på Hareid i juni.

snipsøyrvatnet sett frå nessetelva - Klikk for stort bileteFor fyrste gong arrangerer Sunnmøre friluftsråd friluftsskule på Hareid. Base skal vere Nessetelva i Snipsøyrdalen. Erlend Friestad

Friluftsskulane blir arrangert i Hareid og på Stafsethneset i veke 26. Og i Skodje og Volda i veke 27

Friluftsskulane er for born i alderen 10 -13 år.

Friluftsskulane blir gjennomført for inntil om lag 20 born med 3 rettleiarar. Alle rettleiarane har relevant utdanning og mykje friluftslivserfaring.

I tillegg gjennomfører alle rettleiarane kurs i utesymjing med godkjenning i livredningsprøve ute rett før friluftsskulane startar.

Friluftsskulane vil ha litt ulike aktivitetar tilpassa moglegheiter som er i nærmiljøet der dei blir arrangert.

Men det blir høve til bading og kanskje kajakkpadling på alle friluftsskulane.

I tillegg til at vi lagar mat på bål, lærer om kart og orientering og mykje ulike leikar.

Sidan friluftsskulane er for mindreårige er det berre mogleg å melde på eigne barn som er føresett for.

 

Dagsprogram

  • Aktivitetane i friluftsskulen er i utgangspunktet frå kl 0900 til kl 1600 kvar dag.
  • På dag 1 vert det bli kjent leikar, ulike aktivitetar, bading og mat på bål
  • På dag 2 og 3 vert det fleire aktivitetar, orientering, mat på bål, leikar, bading og kanskje kajakk
  • På dag 4 vert det ein avsluttande tur

 

Pris

Friluftsskulane kostar 500 kroner per barn. Du vert sendt direkte til betaling ved påmelding.

Utfyllande informasjon og dagsprogram blir sendt til påmeldte deltakarar.

Påmeldingsfrist fredag 7. juni.

Barnet må ikkje bu i kommunen der friluftsskulen er. Det betyr at Hareid-ungar kan melde seg på i Volda eller på Skodje - og tilsvarande barn frå andre kommunar kan melde seg på på Hareid. Ver derfor ute i god tid!

 

Hareid 25. -28. juni

Friluftsskulen i Hareid er ny i år!

Vi legg opp til kjekke og spennande aktivitetar.

Baseplassen dei første dagane vert på Nessetelva friluftsområde på vestsida av Snipsøyrvatnet

Friluftsskulen i Hareid vert arrangert frå tysdag 25. juni til og med fredag 28. juni

Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte.

Påmeldingsfrist fredag 7. juni

Meld deg gjerne på så raskt som råd! Friluftsskulane brukar å bli fort fulle.

Påmelding her: Friluftsskule 2024: Hareid

 

Volda 1. -4. juli

Vi legg opp til kjekke og spennande aktivitetar på forskjellige stadar rundt Rotevatnet.

Friluftsskulen i Volda vert arrangert frå måndag 1. juli tom torsdag 4.juli

Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte.

Påmeldingsfrist fredag 7. juni

Meld deg gjerne på så raskt som råd! Friluftsskulane brukar å bli fort fulle.

Påmelding her: Friluftsskule 2024: Volda

Skodje (Murvika) 1. - 4. juli

Friluftsskulen i Skodje vil nytte Murvika friluftsområde som baseplass dei fleste dagane.

Friluftsskulen i Skodje vert arrangert frå måndag 1. juli tom torsdag 4.juli

Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte.

Påmeldingsfrist fredag 7. juni

Meld deg gjerne på så raskt som råd! Friluftsskulane brukar å bli fort fulle.

Påmelding her: Friluftsskule 2024: Skodje

 

Stafsethneset 25.-28. juni

Friluftsskulen på Stafsethneset er friluftsrådet sin eldste friluftsskule.

Stafsethneset vert baseplass dei fleste av dagane.

Friluftsskulen på Stafsethneset vert arrangert frå tysdag 25. juni til og med fredag 28. juni

Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte.

Påmeldingsfrist fredag 7. juni

Meld deg gjerne på så raskt som råd! Friluftsskulane brukar å bli fort fulle.

Påmelding her: Friluftsskule 2024: Stafsethneset