Frivillige organisasjonar kan søke om momskompensasjon

Frivillige organisasjonar kan no søke om momskompensasjon på varer og tenester. Søknadsfristen er 1. september.

Bilete av kontor hos Lotteri- og stiftelsestilsynet - Klikk for stort bileteLotteri- og stiftelsestilsynet skal fordel 1,9 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar Lotteri- og stiftelsestilsynet  

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,9 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2022.

Frivillige lag og organisasjonar kan søke om å få kompensert kostnader til meirverdiavgift som dei har hatt ved kjøp av varer og tenester. Føremålet med ordninga er å fremme frivillig aktivitet.

Det er opna for søknader og søknadsfristen er 1. september.

Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivillighetsregisteret kan søke på ordninga. Frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda for å søke. Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrert i Frivillighetsregisteret innan 1. september 2022. Dette gjeld også dei som søkjer via sitt sentralledd. Hugs at registrering kan ta litt tid.

Merk: Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

Det kan søkast etter to modellar:

  • Forenkla modell. Her er minstegrensa for å søke 100 000 kroner i søknadsgrunnlag.
  • Dokumentert modell. Her er 7000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjelder ikkje for underledd.

Trykk her for å lese om momskompensasjon på varer og tenester - Lottstift