Fugleinfluensa - kva gjer du om du finn ein død fugl?

Det er påvist fugleinfluensa i Norge. Kva gjer du om du finn død fugl i Hareid kommune? Følg retningsliner fra Mattilsynet og FHI.

Hareid kommune

Smitte hjå menneske vert sjeldan påvist, folkehelseinstituttet har vurdert risikoen for at viruset skal smitte menneske som svært låg.

Døde fuglar som ligg langs sjøen eller i friluftsområder kan vere smittefarlege, blir dei liggande kan smitten spreie seg til andre dyr.

Ta kontakt med Mattilsynet om du finner død fugl av følgande type:

  • andefuglar (ender, gås og svaner)
  • havsuler
  • måkefuglar
  • vadarar
  • rovfuglar (spesielt ørn og musvåk)
  • åtseletarar (kråkefuglar)
  • småfugl (berre ved mange døde fuglar på eit lite område)

Råd for å førebygge smitte

  • Ikkje ta på sjuke eller døde fuglar eller andre dyr der det er mistanke om smitte
  • Vask hendene med såpe og vatn etter kontakt med fugl, avføring frå fugl eller utstyr som har vore i kontakt med fugl
  • Varsle Mattilsynet ved mistanke om fugleinfluensa hjå fuglar og andre dyr
  • Kontakt lege dersom du har hatt kontakt med fugl eller andre dyr med mistenkt eller bekrefta smitte. Dette er spesielt viktig om du utviklar influensaliknande symptom(som f.eks. feber og hoste), augekatarr, oppkast, diaré eller alvorleg sjukdom de 10 påfølgande dagane
  • Hundar og kattar bør holdast vekk frå sjuke og døde fuglar

Yrkesutsatte grupper bør bruke personleg verneutstyr.

Slik varslar du Mattilsynet om død fugl (mattilsynet.no)

Avliving av fugl

Berre personar med tilstrekkeleg kompetanse, bør avlive sjuke fuglar.