Full storm og orkan i kasta

Det er sendt ut oransje farevarsel om vind. Frå klokka om lag klokka 16 vil det kunne blåse full storm med orkan i kasta.

Pexels/Ray Bilcliff  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Lågtrykket som står for den sterke vinden, går i land i Sør-Trøndelag i 16-17-tida. Den sterkaste vinden er venta rett sør for lågtrykket. Hareid ligg derfor i utkanten av farevarselet. Samstundes ligg vi ved kysten der det er venta mest vind. Vi må derfor vere budd på vind opp i full storm og med vindkast med orkan styrke – altså over 32 meter per sekund. Vindretninga er heller ikkje så gunstig, då vinden kjem frå vest.

Denne sterkaste vinden er relativt kortvarig, og vil løye etter eit par timar, men så kjem det ein ny topp rundt 21-22-tida.

LES OGSÅ : Detaljane om farevarselet på varsom.no

Summen av dette er ikkje småtteri, så du bør nytte dagslyset no til å ta ein sjekk på eigedomen om det er gjenstandar som må sikrast.

Du bør også sjekke lommelyktene dine og ta fram stearinlysa, då straumbrudd er ein av konsekvensane ved så sterk vind. Det skal berre eitt svakt tre på feil stad før den forsvinn.

Medan vinden er på sitt verste bør du halde deg inne. Det er ei svært dårleg ide å dra ut for å sjå på uvêret, sjølv om det kan vere spennande. Du kan bli treft av lause gjenstandar som er tatt av vinden. På kysten kan bølgene slå langt opp på land og ta deg med. I tillegg vil det vere mørkt og uoversiktleg.

Hareid kommune har budd seg ved å sjekke over bygningane våre. Mykje av den førebuinga fekk vi tatt allereie då ekstremvêret Gyda blei varsla. Sektor for velferd fekk også budd seg på mogleg straumbrot ved å hente ut pasient- og medisinlister. Er du pårørande til ein som får heimetenester frå oss, er det fint om du tar ein ekstra telefon til vedkomande, både no i forkant og undervegs.

  • Vakttelefonen til heimesjukepleien er: 915 66 732
  • Vakttelefonen for veg, vatn og avlaup er: 970 62 360