Ga næringslivet tips til korleis dei kan få kommunale oppdrag

Hareid kommune ønsker å nytte lokalt næringsliv så langt som råd. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Fredag 12. juni inviterte Hareid kommune, i samarbeid med Hareid Næringsforum og Vekst i Hareid, alle entreprenørar med forretningsadresse i kommunen til samarbeidsmøte.

Temaet var innkjøpspraksisen til kommunen og korleis kommunen betre kan nytte seg av lokale leverandørar. Den siste tida har det vore sett søkelys på innkjøpspraksisen til kommunen. Dette møtet er eit konkret tiltak som har kome ut av dette arbeidet.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrev her.

Hareid kommune, må som andre offentlege verksemder, følgje lovverket som styrer offentlege innkjøp. Enkelt forklart, alle innkjøp kommunen gjer som er over 100.000 kroner, må på anbod. Kommunen lyser ut eit anbod som verksemder kan gi tilbod på. Så vel kommunen det beste tilbodet,  basert på kriterier sett på førehand, som pris og kvalitet. Jo større anskaffinga er, jo breiare må konkurransen utlysast. Innanfor dette regelverket, er det likevel mogleg å gjere tilpassingar slik at lokalt næringsliv kan vinne kontraktar.

Ønsker at lokale skal hevde seg

- Vi ønsker å bli betre bestillarar og legge til rette for at lokale aktørar kan hevde seg i konkurransen om våre prosjekt og innkjøp, seier rådmann i Hareid kommune Ragnhild Velsvik Berge.

Ho har fått gode tilbakemeldingar frå dei som deltok på møtet om at det var nyttig. Kommunen tilbyr gjerne kurs i innkjøpsregelverket, og hjelp til bruk av dataprogrammet som skal nyttast ved innlevering av tilbod.

- Gode møteplassar er viktig for å skape felles forståing for utfordringane og moglegheitene vi har, seier Berge. 

Under møtet forklarte assisterande rådmann Kariann Bigseth kommunen si rolle som oppdragsgivar, regelverket som innkjøpa er omfatta av og korleis kommunen kan nytte lokale leverandørar. Ho ga også deltakarane tips og triks for å nå fram i offentlege konkurransar.

Verksemdene fekk også ei moglegheit til å presentere seg for kommunen og dei andre entreprenørane.

Synleg på nettsida

I etterkant av møtet har Hareid kommune mellom anna bestemt at dei skal ha eit møte med entreprenørane i starten av kvart år. Kommunen skal også synleggjere komande anskaffingar på heimesida, slik at entreprenørane har betre oversikt, og teste ut andre tildelingskriterier slik at dei lokale tilbydarane kan hevde seg i konkurransen.

Næringslivet nøgd

Idar Flø, leiar i Hareid næringsforum, er nøgd med møtet. Han syntest det var nyttig for alle partar og at alle fekk ei god, felles forståing for innkjøpspraksisen.

- Dei gode diskusjonane løyste opp i tidlegare misforståingar, der enkelte har følt seg tilsidesett i konkurransane som har vore lyst ut. Dagens rutinar vart godt belyst, samt kva ein bør gjere for å lette situasjonen for næringslivet så dei kan posisjonere seg betre ved komande konkurranser, seier han.

Med på møtet var også Julie Sundgot Andersen – prosjektleiar i Vekst i Hareid. Ho ga ein kort presentasjon av seg og Vekst i Hareid.

Desse entreprenørane deltok på møtet: 

  • Brekke og Kleppe – Joar Brekke
  • Holstad Maskin – Hans Ola Holstad og Johannes Rønning
  • Ole Johan Bigset
  • Øyvind Yri
  • Bigset Maskin - Svein Arne Bigset.
  • Rise Bygg – Lars Ove Mork
  • HG – Torgeir Vattøy og Bjørn Teigene
  • Klar Energy – Ragnar Tafjord
  • Holstad Rør Roar Holstad
  • Hareid Rør – Jonny Holstad
  • Elementmontering – Jon Olav Slettebakk og John Brandal
  • Fugeservice – Einar Indreflø