Gaming-rom og sjokolademjølk til elevane?

 Vi vil med dette kalle alle fjerdeklassingane i kommunen til barnas kommunestyremøte.

Erlend Friestad  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Ordførar Bernt Brandal skal leie møta som blir halde på alle skulane i kommunen dei neste vekene.

I møta skal elevane ta stilling til to fiktive saker for å kjenne på korleis det er å vere folkevald:

  • Kva skulemjølkleverandør skal Hareid kommune ha dei neste fem åra?
  • Skal det bli gamingrom i den nye ungdomsklubben?

Dei to sakene er bevisst laga til for at elevane skal kjenne på forskjellige dilemma. Dei må tenke gjennom sine eigne interesser, samstundes som dei må sjå andre sine behov. «Administrasjonen» har også tatt på seg rolla å vere litt «kjedelege» i tilrådinga. Kanskje det kan få fart på debatten?

I forkant av møta skal elevane diskutere sakene i klassen. Dei skal førebu innlegg og alternative forslag til vedtak. Sidan dette er leik, skal lærar også utfordre enkeltelevar til å motsett syn dersom det er stor semje i klassen. Målet er debatt, diskusjon og trening i argumentasjon.

Elevane vil også få ei kort innføring i det politiske system i kommunen.

Så kva ligg det i dei to sakene?

Skulemjølk-saka: Elevane må velje mellom ein leverandør som berre leverer lettmjølk og ein leverandør som har sjokolademjølk, jus, yoghurt  med meir, men som er dyrare.

Gaming-rom: Skal den nye ungdomsklubben få eit dedikert gaming-rom? I so fall vil det gå ut over andre aktivitetar som får både mindre plass og mindre pengar.

Tidspunkt for møta:

  • 16. februar: Hjørungavåg skule og Brandal friskule
  • 4. mars: Bigset skule
  • 8. mars: Hareid skule