Pexels.com
For å gi eit meir målretta og relevant tilbod, er det no etablert to eigne nettverk:
- Reiseliv
- Frukt, grønt og lokalmat
Målet med nettverka er å samle aktørar med felles interesser for å byggje kompetanse, dele erfaringar, skape samarbeid og bidra til nye moglegheiter og verdiskaping i regionen. Ved å dele inn i mindre nettverk kan innhald, tema og aktivitetar i større grad tilpassast behova til deltakarane.
Nettverka skal vere ein møteplass for inspirasjon, fagleg påfyll og konkrete samarbeid – for deg som ønskjer å ta garden vidare.Det vert oppstartsmøte i begge nettverka før sommaren. Deltaking er gratis.
Nettverk for frukt, grønt og lokalmat
- Stad: Skaparhuset, Ulsteinvik
- Dato: 27. mai
- Tid: kl. 18.00–20.30
Besøk frå Egil Hustoft frå Kompetansenettverk lokalmat
Egil har drive Tingvollost i 18 år, brenn for lokalmat og har solid erfaring frå salg og marknad. Han vil halde foredrag og bidra med rådgiving. Det vert god tid til samtalar og diskusjon.
Les meir og meld deg på her.
Nettverk for reiseliv
- Stad: Kråen Gard, Hallebygda, Larsnes
- Dato: 3. juni
- Tid: kl. 18.00–20.30
Besøk frå reiselivssjef i Visit North West, Tunheimsfjøra Lodge og Arnegarden!
Velkomen til nettverkssamling der vi får innlegg frå reiselivssjef i Visit North West, Tom Anker Skrede, Tunheimfjøra Lodge og Arnegarden. Det vert god tid til samtalar og diskusjon.
Les meir og meld deg på her.
Fleire samlingar etter sommaren
Det er planlagt fleire samlingar i nettverka etter sommaren, der deltakarane i fellesskap er med på å forme innhald og retning vidare.
Om prosjektet Garden som ressurs 2.0
Garden som ressurs 2.0 er finansiert gjennom midlar frå Statsforvaltaren, tildelt hoppid-kontora i kommunane på Ytre Søre Sunnmøre. Landbrukskontora i kommunane, Vekst i Hareid og Ulstein næringsforum er medarrangørar av nettverka.
Prosjektet rettar seg mot gardbrukarar og andre som ønskjer å utvikle tilleggsnæringar basert på garden sine ressursar – anten det handlar om lokalmat, reiseliv eller andre nye moglegheiter.