Bøsseberarar på Hareid
Larysa
Med heile 390 881 kroner samla inn per tysdag 23. oktober klokka 09, plasserer Hareid seg som nest beste kommune i Møre og Romsdal – og på ein imponerande 87. plass nasjonalt.
Vi samla inn kr 73,44 per innbyggjar, noko som er kr 27,28 over landsgjennomsnittet på kr 45,51. Med det sneik Hareid seg såvidt forbi Ulstein kommune, som ligg på andreplass i fylket med kr 73,37 per innbyggjar.
Det er framleis mogleg å gi, slik at vi kan sikre at andreplassen blir vår.
Øvst på fylkeslista tronar Sande kommune med kr 92,55 per innbyggjar.
Gi her
Her kan du følgje innsamlinga for Hareid kommune og for Møre og Romsdal fylkeskommune.
Skulande imponerer
Sjølv om årets resultat er noko lågare enn i 2024, då det blei samla inn 507 649 kroner i Hareid kommune, er innsatsen framleis imponerande. Skulane i Hareid har gjort ein formidabel innsats, og samla inn heile 177 697 kroner gjennom ulike aktivitetar – mellom anna joggedag, der elevane utfordra familie, vener og andre til å sponse dei per runde eller kilometer. I tillegg blei det samla inn 111 492 kroner i bøssene. Vi hadde også over 60 bøssebærarar i aksjon søndag ettermiddag. Dei nådde så å seie alle husstandane i kommunen. Vi merkar at færre har kontantar, samstundes er besøket frå bøssebærarane ei viktig påminning om TV-aksjonen. Mange av dei besøkte nytta moglegheita til å gi med Vipps.
Årets formål: Atlas-alliansen
TV-aksjonen 2025 går til Atlas-alliansen, og skal bidra til å opne dører for funksjonshemma i krig og fattigdom. Midlane skal brukast til å sikre utdanning, helsehjelp og deltaking i samfunnet for menneske med funksjonsnedsettingar i nokre av verdas mest utsette område.
Det er framleis mogleg å gi!
For dei som enno ikkje har fått gitt, er det framleis mogleg å støtte årets aksjon:
- Vipps: 2133 (Gi 350 kr eller valfritt beløp)
- SMS: Send TVA til 2133 (350 kr)
- Kontonummer: 8380 08 09005
- Ved faktura med KID: 1503 60 97431
Tusen takk til alle som har bidrege – saman gjer vi ein forskjell!