Gjer klar for 17. mai og cruise-besøk
Kommunalteknikk er godt i gong med opprydding etter vinteren og førebuing til 17.mai og cruisebesøk 13.juni.
Kjøpmannsgata får ein liten vårreingjering av uteseksjonen i Hareid kommune. Frå venstre: Peder Alme (Driftsleiar), Frode Gaulen Robertsen, Ronny Nesset og Magnar Grøttå.
Tone-Lise Osnes
Harald Berstad tek seg av gatefeiinga på dei kommunale rodene.
Erlend Friestad
Mange av dei kommunale vegane er no ferdig kosta, utført av eige personell på kommunalteknikk og av dei tre entreprenørane vi har kontrakt med for vinterdrifta. Kostinga skal vere ferdig i god tid før 17.mai. Vi vil også før cruisebesøket vurdere behovet for ei ny runde i sentrum for å sikre ryddige vegar til den tid.
Grøntområda skal også få seg ei våropprydding. Bed i Kjøpmannsgata vert denne veka stella til etter vinteren. I dei komande vekene skal dei store krukkene rundt om i sentrum beplantast med uvurderleg arbeidskraft frå karane i Hafest.
Publisert 27.04.2026 12:39
Sist endra 27.04.2026 12:39