Gode råd og reglar for jonsokbålet

Hugs å melde inn jonsokbål til brannvesenet og berre brenn reint treverk.

Bilete av bål på Holesanden. - Klikk for stort bileteDet tradisjonelle jonsokbålet på Holesanden. Erlend Friestad

Det nærmar seg jonsok og mange planlegg å markere dagen med bålbrenning. Hareid og Ulstein brannvesen minner om at det i sommarhalvåret er generelt bålforbod i og i nærleiken av skog og utmark.

Sjølv om det er bålforbod er det lov å tenne opp bål der det openbart ikkje kan føre til brann. Skal du brenne bål i eller i nærleiken av skog og utmark må du søkje brannvesenet om løyve.

Vi vil vite om plassering av bålet og e-postadresser og mobiltelefonnummer til ansvarleg for jonsokbålet. Frist for innmelding av jonsokbål er den 20. juni 2021. Du finn skjema for søknad om bål via denne lenka (felles skjema med Ulstein).

Det er ikkje naudsynt å melde inn små bål som skal verte bruk til grilling og koking av kaffi. Grunneigar må ha gjeve løyve til å brenne bål på privat grunn

Bålansvarleg må vurdere om bålet kan tennast med omsyn til vind, tørt terreng m.m. Ha egna og nok sløkkjemiddel i nærleiken. Sløkjemiddel kan vere hageslange, bøtter med vatn, handsløkkjarar, eller ein kombinasjon av desse. Sløkkemiddel må vere i samsvar med storleiken på bålet. Tende bål skal ikkje forlatast utan at det er sløkt. Det er den som fyrer opp bålet som er ansvarleg for bålet.

 

Gode råd for bålbrenning

For at jonsokfeiringa skal blir best mulig for alle så er det viktig at ein tek sine førehandsreglar. Det er ikkje lov å brenne avfall. Jonsokbål skal byggast opp av reint treverk i god avstand frå anna brennbart materiale. Med reint treverk meinast treverk som ikkje er behandla, som limt, impregnert eller mala. Røyken frå behandla treverk er inneheld giftstoffar.  Du bør unngå å brenne materiale med spikar og stiftar slik at bålplassen ikkje utgjer ein fare for menneske og dyr etter bålbrenninga.

Bygg ikkje bålet for høgt da du må tenke på at bålet kan velte. Legg heller på meir materiale medan det brenn enn å lage det for stort og ustabilt. For å unngå at det vert for sterk varme anbefaler vi å tenne bålet i toppen.

 

Alle må ta ansvar

Dersom bålbrennerane tek ansvar for båla og publikum held god avstand så unngår vi at det oppstår farlege situasjonar. Dersom eit bål skulle kome ut av kontroll må ein vere snar med å varsle brannvesenet ved å ringe 110.


Hareid og Ulstein brannvesen ynskjer at alle skal få ei god og trygg feiring. Enkelte kommunar har eigne restriksjonar for bålbrenning, det er viktig at ein er kjent med reglane som gjeld for den