Godkjende lister til kommunevalet i Hareid kommune 2023

Valstyret har godkjend seks lister og forkasta ei.

Oslo kommune/Sturlason

Følgande lister er godkjende:

  • Arbeidarpartiet
  • Folkelista for Hareid kommune
  • Fremskrittspartiet
  • Høgre
  • Industri- og næringspartiet
  • Venstre

Her kan de laste ned ei oversikt over alle dei godkjende listene. (PDF, 23 kB)

Lista til Raudt hadde ikkje nok kandidatar til å stille liste og blei dermed avvist. Minstekravet er sju kandidatar, medan Raudt berre hadde seks. Dei leverte rett nok ein sjuande kandidat 16. mai, men det var etter fristen som var sett 12. mai. Valstyret ønskte ikkje å gi dispensasjon frå denne fristen.

Valstyret var samrøystes i vedtaket sitt.

Klagefristen på dette vedtaket er 7 – sju – dagar frå offentleggjeringa av dei godkjende/forkasta listene.

Offentleggjeringa var 22. mai klokka 14. Fristen for å klage er derfor måndag 29. mai klokka 13.

Alle med røysterett har klagerett rundt forhold knytt til førebuing eller gjennomføring av val.