Gratulerer med frigjerings- og veterandagen – lat oss aldri ta freden for gitt!

8. mai markerer vi frigjeringa av Noreg i 1945 – ein dag for glede, takksemd og ettertanke.

portrett av ordførar Bernt Brandal med kjede. - Klikk for stort bileteOrdførar i Hareid kommune, Bernt Brandal. Larysa Parkhomenko

Vi heidrar alle dei som har kjempa for fred, fridom og tryggleik – både under andre verdskrigen og i seinare tid. I år er det 80 år sidan sigeren over nazismen – ei viktig milepåle i historia vår. Men denne markeringa fell også i ei uroleg tid. Vi lever i eit Europa prega av krig, uro og aukande spenningar.

LES OGSÅ: Felles markering av frigjering- og veterandagen 

Etter 1945 har vi i Noreg hatt fred. Vi har vore skjerma frå krig og væpna konflikt – noko vi ikkje skal ta for gitt. For freden vi har opplevd, er ikkje ein sjølvfølgje. Han er resultat av innsats, offer og kloke val. Han er skrøpeleg – og krev at vi stadig forsvarar han.

Verda har sidan 1945 sett titals væpna konfliktar, og norske kvinner og menn har delteke i mange av dei – i teneste for fred, stabilitet og rettferd. Frå Balkan til Afghanistan, frå Libanon til Mali – har norske soldatar og hjelpearbeidarar gjort ein forskjell. Det krev mot. Det krev vilje. Det fortener vår takksemd.

I dag ser vi at freden i Europa har fått ein brutal knekk. I over tre år har Russland ført ein fullskala, brutal krig mot Ukraina – eit fritt og demokratisk land som no kjempar for si eksistens. Denne krigen rammar ikkje berre Ukraina – han rammar heile Europa, også oss. Vi kjenner det på tryggleikssituasjonen og på dei politiske og økonomiske ringverknadene.

Vi står i dag overfor eit meir samansett og alvorleg trusselbilete enn på lenge. PST og andre tryggingstenester åtvarar mot truslar mot kritisk infrastruktur – som straumforsyning, datanettverk og kommunikasjon. Vi ser påverknadskampanjar, cyberangrep og forsøk på å svekkje den tilliten og openheita demokratiet vårt kviler på.

Difor er 8. mai meir enn ei historisk markering. Det er ei viktig påminning – om kva det kostar å vere fri. Om at fred må byggjast kvar dag, av kvar generasjon. Fridom og tryggleik kjem aldri gratis. Dei må forsvarast, med verdiane våre i hand: demokrati, rettsstat, ytringsfridom og solidaritet.

Vi takkar dei som kjempa før oss – dei som våga livet for at vi i dag skulle få leve i fridom. Lat dei vere førebilete for oss, i ei tid der ansvaret kviler tungt også på våre skuldrer.

Lat oss stå saman – for tryggleik og rettferd. Lat oss føre kampen for fred vidare, med klokskap, styrke og vilje.