Gratulerer til hareidsdølingen Therese Falk med prisen årets kvinnelege friidrettsutøvar!

Therese Falk frå Hareid har nordisk rekord i 24-timarsløp. På eit døgn sprang ho over 251 kilometer! Privat  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Therese har markert seg som den beste ultraløparen* i Noreg og Norden. Tidlegare i haust sette ho norsk og nordisk rekord i 24-timars-løp på 251,352 kilometer!

Therese er busett i Oslo og har fram til nyleg representert Romerike Ultraløperklubb, men denne veka blei det også klart at ho melder overgang til Hareid IL!

«Då er eg komen heim … Eg har kjent meg heia på av lokale hareidsdølingar heile den tida eg har sprunge. Så det å melde overgang til Hareid IL var eit enkelt val … Eg er hareidsdøling og ein stolt ein», skreiv ho på Instragram då ho meldte om klubb-bytet.

Friidrettsforbundet melder at over 8000 røysta i kåringa. Dei andre nominerte til prisen årets kvinnelege utøvar var

  • Amalie Iuel, IK Tjalve
  • Hedda Hynne, IK Tjalve
  • Karoline Bjerkeli Grøvdal, IK Tjalve
  • Line Kloster, SK Vidar

Gratulerer også til Karsten Warholm som blei årets mannlege utøvar!

* Ultraløp er løp som er lengre enn eit maraton (som er 42 km).