Hanne er vår nye kontrollar

Hanne Rognan er utdanna siviløkonom og kjem frå stillinga som rekneskapsansvarleg i Volda kommune.

bilete av Hanne Rognan - Klikk for stort bilete Privat

Ho er opphaveleg nordlending og bur på Hareid saman med mann og to gutar på 10 og 13 år. På fritida likar ho å sjå gutane spele fotball, stå på ski, gå tur, reise og å sitte i solveggen på hytta med ei god bok. Ho er aktiv i Hareid Rotary Klubb og ønsker å bidra til at Hareid skal vere ein god plass å bu og vekse opp på.  

Som kontrollar skal Hanne mellom anna analysere den økonomiske situasjonen til kommunen og følgje opp alle verksemdene våre. Ho skal rapportere om økonomisituasjonen til formannskap og kommunestyret. Ho skal støtte og gi råd til leiarar med budsjettansvar og vere med å utarbeide budsjett på kommune-, sektor- og einingsnivå.

Hanne Rognan startar i Hareid kommune 19. august.