FHI
Invitasjonen kjem via tekstmelding frå 16. oktober. Alle som fullfører er med i trekninga av gåvekort.
Kva handlar undersøkinga om?
Spørjeskjemaet inneheld spørsmål om helse, livsstil og levekår – til dømes fysisk aktivitet, kosthald, søvn, psykisk helse, økonomi og sosial støtte. Svara vert brukte til å utvikle folkehelsetiltak, støtte forsking og lage folkehelseprofilar for kommunar og fylke.
Slik vert deltakarane valde ut
FHI trekkjer tilfeldig ut om lag 100 000 personar frå heile landet, og sender invitasjon via SMS. Reint statistisk vil rundt 100 personar i Hareid kommunes få tilbod om å delta. Spørjeskjemaet er tilgjengeleg på fleire språk og kan fyllast ut digitalt.
Kvifor er det viktig å delta?
Svar frå undersøkinga gjev verdifull kunnskap om tilhøve som ikkje vert fanga opp i helseregister, som smerter, røykjevanar og psykisk helse. Resultata vert brukte i folkehelserapportar, forsking og planlegging av tiltak som kan betre folkehelsa.
Personvern
Alle opplysningar vert behandla i samsvar med gjeldande personvernreglar. Dette betyr til dømes, at når forskarar eller andre søkjer om tilgang til svara til deltakaren, skjer dette utan namn eller fødselsnummer. Det vil ikkje vere mogleg å kjenna igjen enkeltpersonar i publikasjonar, statistikk eller forsking som vert publisert frå undersøkinga.