Har du ein forretningsidé du vil utvikle? Bli med på hoppid.no Oppstart

3. november startar eit nytt, gratis program for deg som ønskjer å utvikle ein forretningsidé eller vidareutvikle ei bedrift. Gjennom «hoppid.no oppstart» får du strukturert rettleiing, inspirasjon og eit verdifullt nettverk – alt på nett.

mann som stupar i det - Klikk for stort bilete Pexels.com

English version

 

Kva er hoppid.no Oppstart?

Programmet går over tre veker og består av ti digitale samlingar. Mellom samlingane jobbar du med å utvikle prosjektet ditt, og du får individuell oppfølging frå ein erfaren hoppid.no-rådgivar.

 

Kven passar det for?

Dette er eit tilbod for deg som:

  • har ein idé til eit produkt, ei teneste eller ei bedrift
  • ønsker å vidareutvikle eit eksisterande prosjekt
  • er motivert for å lære og jobbe målretta med prosjektet ditt

Programmet er gratis for alle som er busette i Møre og Romsdal.

 

Dette får du:

Gjennom programmet får du:

  • utvikle prosjektet ditt steg for steg med metoden S-E-A-M
  • presentere idéen din for rådgivarar og andre deltakarar
  • råd, innspel og inspirasjon frå eit engasjert fellesskap
  • eit nettverk som kan hjelpe deg vidare
  • ein konkret plan for korleis du kan realisere prosjektet ditt

 

Innhald i samlingane:

  1. Innleiing – Bli kjend med deltakarane, metoden og verktøya
  2. Føremål – Motivasjon og berekraft i prosjektet ditt
  3. Ressursar – Kva har du, og korleis kan det gi konkurransefortrinn?
  4. Forretningsidé – Kva behov skal du dekkje, og for kven?
  5. Forretningsmodell 1 – Korleis skal du møte behovet?
  6. Forretningsmodell 2 – Vidareutvikling av modellen
  7. Mål – Kva ønskjer du å oppnå?
  8. Oppgåver – Kva må du gjere for å nå måla dine?
  9. Prognosar – Økonomi, finansiering og formelle krav
  10. Presentasjon – Vis fram prosjektet ditt for relevante næringsaktørar i regionen

  

Påmelding