Har du eit juletre til oss?

No er det berre nokre veker til julelysa skal opp, men vi manglar noko å henge dei i.

 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Vi sender derfor ut ei oppmoding til grunneigarar som kan ha tre i aktuell storleik om å donere til kommunen.

Vi treng følgande tre – alle skal vere grantre:

Sentrum/Åsendalen:  10-12 meter

Leira: 5 meter (i boks!)

Brandal: 6-7 meter (i boks!)

Det må vere mogleg å hente treet med traktor og hengar.

Dersom du har eit tre du kan tenke deg å donere, ta kontakt med kommunegartnar Marit Ulvestad på telefon 415 44 010.