Har du røysterett i kommune- og fylkestingsvalet?

For å ha røysterett i valet, må du stå i vere folkeregistrert i kommunen og dermed stå i manntalet. No er manntalet for Hareid kommune klart. Du kan sjekke det her.

Nærbilete av ei hand som legg ein røystesetel i urne. - Klikk for stort bilete Oslo kommune/Sturlason

Røysterett ved kommune- og fylkestingsvalet har alle norske statsborgarar som

  • vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
  • ikkje har mista røysteretten etter grunnlova paragraf 53 og som
  • er, eller nokon gong har vore, folkeregistrert som busett i Noreg. Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstandsmedlemmar har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet.

I tillegg har følgande grupper røysterett:

  • nordiske statsborgarar som var busett i Noreg 30. juni
  • utanlandske statsborgarar som har vore samanhengande busett i Noreg dei siste tre åra før valdagen.

Det er folkeregistrert adresse på skjeringsdatoen 30. juni som avgjer kva kommune du skal røyste i. Dette er ikkje mogleg å endre i ettertid.

Dersom du meiner at du sjølv eller nokon andre, urettmessig er blitt innført eller utelate frå manntalet i kommunen, kan du krevje at feilen blir retta.

Kravet må vere skriftleg, grunngjeve og må sendast til valstyret i kommunen. Du kan nytte denne lenka. Eller sende brev til

Valstyret i Hareid kommune
Rådhusplassen 5
6060 Hareid

Manntalet for Hareid kommune er tilgjengeleg for offentleg ettersyn på servicetorget på rådhuset. Det er også mogleg å ringe sentralbordet på 70 09 50 00 for å sjekke manntalet eller sende e-post til postmottak@hareid.kommune.no.

Dersom du har spørsmål om manntalsføring, utover å sjekke om du eller andre står/ikkje står i manntalet, kan du kontakte valansvarleg Erlend Friestad på e-post: erlend.friestad@hareid.kommune.no.