Har du vassmålar? Snart får du melding på telefonen om å lese av

Her får du oppskrifta på korleis du registrerer avlesinga.

Vassmålar Hareid kommune

Hareid kommune sender i desse dagar ut tekstmelding om vassmålaravlesing. Avsendar er eit 14-sifra nummer som er unikt for kvar einskild abonnent. 

Slik gjer du

  • Les av tala på vassmålaren din. Ikkje ta med raude tal eller tal bak komma på målaren. 
  • Svar på tekstmelding med tala frå vassmålaren, sjå døme nedanfor. 

Det er ikkje mogleg å vidaresende meldinga til andre for avlesing. Då vert ikkje avlesinga registrert på rett målar. 

 

Svare på tekstmelding

Dersom du sender fleire svar på same tekstmelding, vert siste svar gjeldande.  Meldingar som inneheld anna tekst enn målarstand blir ikkje registrert. 

Dersom kommunen ikkje mottek avlesing av vassmålar, vil forbruket verte utrekna på bakgrunn av historisk forbruk på vassmålaren. Dette kan frå 2026 medføre gebyr. 

Avlesingskort vert sendt ut til dei som av ulike grunnar ikkje ynskjer digital avlesing. 

 

Døme på tekstmelding

Nedanfor viser eit døme på 1) utsendt melding, 2) svar med avlest målarstand og 3) stadfesting på mottatt vassmålaravlesing. 

viser korleis meldinga frå Hareid kommune ser ut, korleis du skal svare og korleis svaret blir - Klikk for stort bilete skjermdump