World Voyager (T.v.) og MS Artania kjem til Hareid neste sommar
Nicko cruises, delt med CC4.0-lisens / Foto: Trondheim havn, delt med CC2.0-lisens
Dette er ikkje berre ei stor hending for bygda, men òg nye moglegheiter for innbyggjarane og for lokalt næringsliv. Sjølv om du aldri har tenkt på turisme før – kom og høyr kva nye moglegheiter denne satsinga kan gje nettopp deg.
LES OGSÅ: Dette er cruiseskipa som kjem til Hareid
Når: 27. oktober kl. 18.00
Kvar: Hareid folkebibliotek
På møtet får du vite
- kvifor vi satsar på cruise, og kva det vil bety for utviklinga av Hareid.
- kva status prosjektet har i dag.
- konkrete døme på korleis innbyggjarar og verksemder kan utvikle forretning rundt cruiseturismen: utleige, omvisingar, sal av lokale produkt og tenester for gjestar.
- korleis du sjølv kan bli ein del av dette store prosjektet, og kva steg du kan ta allereie no.
Du får høve til å stille spørsmål og få svar direkte frå arrangørane.
Gratis inngang.
Alle er velkomne!