Hareid får cruiseskip-besøk

Wow! Amazing! Beautiful! Dette var nokre av dei orda vi høyrte oftast frå cruisegjestane som vitja Hareid førre veke.

Og no er det klart: Hareid kommune får besøk av to cruiseskip i juni 2026. Ordførar Bernt Brandal kunne sleppe nyheita under besøket frå «Famtrip» – den årlege rundturen som Cruise Norway organiserer for cruisereiarlaga og -leverandørane deira.

Kva selskap og kva skip det er snakk om i 2026, er framleis ikkje offentleg. Cruiseoperatørane planlegg sesongane i god tid, og 2025-sesongen er allereie booka. Vi må derfor vente sopass lenge som to år på vårt fyrste besøk.  Men det gir oss også god tid til å førebu oss.

Sjå glimt frå rundturen i videoen under.

 

 

Fredag til laurdag var Hareid kommune siste stoppestad for Fam-trip. Vi var den einaste nye destinasjonen på rundturen. Blant dei andre stoppestadane finn vi kjende turiststadar som Stavanger, Haugesund, Flåm, Eidfjord og Nordfjord. Famtrip-turane er viktige for noverande og komande cruisedestinasjonar for å vise seg fram for dei som skal planlegge cruiseanløp og utfluktar.

Deltakarane på turen var representantar for dei store cruise-reiarlaga, tilsette frå verksemder som organiserer utflukter og internasjonale journalistar. Gjestane var fulle av lovord over kva dei fekk oppleve i kommunen vår - både på dei enkelte sjåverdighetene, men også over mottakinga og kommunen sitt samla engasjement.

Artikkelen held fram under biletet.

Guide foran statuen ishavskjerringa utanfor ishavsmuseet. - Klikk for stort bileteBeathe Holstad guida både på Polarstar og på Ishavsmuseet. Erlend Friestad

Ordførar og høvding

Fredag ettermiddag blei dei møtt på Overåsanden av ordførar Bernt Brandal som hadde følgje av «viking-jarl» Ole Frank Bakken. Her introduserte dei kommunen og kva som venta gjestane og kvifor vi har vald å kalle Hareid for «the Explorers port». Vi har ein lang historie med utferdstrang og oppdagingar – frå vikingtida, via ishavshistoria og fram til i dag.

Etter mottakinga på Overåsanden blei dei teke med til Hodr Hjørungavaag vikingsete som har peika seg ut som ein spydspiss i satsinga vår på reiseliv. Gjengen som står bak vikinghuset hadde gjort ein fantastisk innsats i å gjere klart til besøk. Då gjestane kom ut av bussen blei dei møtt av lukta av sjø, bål og tjære. Lovorda starta allereie då, over byggverket dei stod ovanfor og godorda blei ikkje mindre då kom seg innandørs la merke til detaljar og utskjeringar.

Viking-høvding Bakken fortalte om historia til huset, og kva mål dei hadde med prosjektet. Han la særleg vekt på kor mykje tid og krefter lokalsamfunnet hadde lagt ned i dugnadarbeid. Det blei også servert nydeleg mat av Kokk’n Roll.

Artikkelen held fram under biletet.

Leidulv Grimstad og Bjørg Vartdal Hareide var guidar i kyrkja og på kyrkjegarden. Erlend Friestad

Skip med spennande historie

Vidare gjekk turen til Polarstar som frakta cruisefolket til Brandal. Det var ei spennande båttur der dei besøkande fekk fortalt historia til selfangsskuta, og elles fekk sjå Hareid frå sjøsida.

Vel framme i Brandal stod bussen klar til å ta med cruisefølgjet til Kvitneset. Det blei eit høgdepunkt for mange, og fleire måtte «nødast» til å finne tilbake til bussen, fordi dei hadde lyst til å oppdage meir av området.

Tilbake til Ishavsmuseet blei dei geleida inn i Aarvak-bygget. Der venta Cor Sonus som lokka fram både gåsehud og tårer i augekroken, både hos dei lokale og tilreisande.

Både på Aarvak og Polarstar gjorde det inntrykk å sjå føre seg kvar skutene hadde vore og kor røffe forhold det kunne vere på desse turane. At ishavet er røft fekk dei også høyre om under omvisinga på Ishavsmuseet.

Kvelden blei avslutta med nok eit velsmakande måltid frå Kokk’n Roll.

Artikkelen held fram under biletet.

Mjøl og Meir og dei andre verksemdene i Kjøpmannsgata hadde flytta ut i finvêret for å skape ekstra liv under besøket frå cruisedelegasjonen. Erlend Friestad

Ville ha meir tid

Fyrst på programmet på laurdagen stod hamneinspeksjon i strålande sol. Både godskaia på Ytre og djupsvasskaia ved Ulmatec vil vere aktuelle for cruiseskipmottaking.

Så bar det til Hareid kyrkje der Leidulv Grimstad og Bjørg Vartdal Hareid fortalte om historia til kyrkjene på Hareid og prestestova.

Etterpå var det «village walk» i Kjøpmannsgata. Der hadde butikkar og andre flytta ut i gata for å lage liv. Både kanelbollar frå Mjøl og Meir og sveler frå aktivitetssenteret til bu og habilitering blei teke godt i mot. Også her i Kjøpmannsgata skulle dei tilreisande ønske dei hadde meir tid til å sjå seg om.

Turen blei avslutta på Tusenårsplassen – som no er så å seie ferdig opprusta – med eit ønske om snarleg gjensyn.