Hareid kommune bidreg til medisinsk utstyr til Ukrania

Måndag 28. februar nytta Hareid formannskap hasteparargrafen i kommunelova til å vedta ei løyving som skal gå til førstehjelpsutstyr og anna medisinsk nødhjelp til Ukraina.

Wikimedia commons/UP9 (sjå lisens i botn av artikkelen)  

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Tre-fire gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

Du vil få informasjon om møta i dei folkevalde organa, bli oppdatert på koronasituasjonen, oversikt over ledige stillingar og andre hendingar i kommuenen.

Trykk på denne lenka for å gå til påmeldingssida.

Løyvinga er på 5 kroner per innbyggar, om lag 25.000 kroner. Vedtaket var samrøystes.

Bakgrunnen for løyvinga er ein aksjon igangsett av Lyngdal kommune og ordføraren der, Jan Kristensen. Han er invitert av organisasjonen «Support to the people of Ukraine» til å organisere aksjonen. Lyngdal kommune har derfor sendt ut ei oppmoding til alle kommunane, fylkeskommunane og statsforvaltarene i Noreg med oppmoding om å støtte aksjonen.

LES MEIR: Lyngdal frontar hjelpeaksjon for Ukraina (ekstern lenke)

Lyngdal kommune står i direkte kontakt med den ukrainske ambassadøren Viacheslav Yatsiuk. Han opplyser at det er eit enormt og skrikande behov for førstehjelpsutstyr for å hjelpe dei såra – både sivile og soldatar – i Ukraina. Ambassaden har sendt ei liste over medisinsk utstyr som dei treng raskt. Målet er å ha utstyret klart til fredag 4. mars. Det hastar derfor med å skaffe dei pengane som gjer at utstyret kan kjøpast inn.

Lyngdal kommune vil vere ansvarleg for innkjøpa og vil koordinere logistikken med den ukrainske ambassaden.

Hareid kommune oppmodar innbyggarar og andre til å bidra i tillegg. Det kan de gjere via Lyngdal kommune sin ukrainakonto (2801.52.15897) eller Vipps: 737483 (Aksjon Ukraina). Pengane må inn på konto innan 2. mars for at innkjøpa skal kunne gjennomførast.

På førehand takk.

Bilete: UP9, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons