Hareid kommune er med i nettverksarbeidet «Barn og unges helseteneste»

Nettverksarbeidet skal sikre samanhengande tenester mellom kommunen og spesialisthelsetenesta for barn og unge med psykiske helseutfordringar.

Pexels.com/Karolina Grabowska  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Hareid kommune deltek i eit nettverksarbeid i Møre og Romsdal rundt barn og unge sine helsetenester i forhold til psykiske plager. Kommunen sin kontaktperson er Silje Kiperberg Aksnes, som også er prosjektleiar for Betre Tverrfagleg Innsats (BTI).

Målsettinga med satsinga er å sikre samanhengande tenester mellom kommune og spesialisthelsetenesta for barn og unge med psykiske plager. Barn og unge skal få hjelp tidleg og på rett stad.

Tidleg innsats er også eit viktig mål med BTI-prosjektet, det blir difor naturleg for Hareid kommune å sjå dette nettverksarbeidet som ein del av satsinga vår på BTI.

Arbeidet skal munne ut i sju samhandlingsforløp for dei mest vanlege psykiske helseplagene. Forløpa vil fungere som eit kart over tenestene og gje oversikt over dei ulike tenestene si rolle og ansvarsområde.

Dei 7 forløpa er:

  • Angstplager
  • Autismespekterforstyrring
  • Bekymring for born 0-3 år
  • Vanskar med merksemd og uro
  • Spisevanskar og eteforstyrringar
  • Depresjonsplager og triste kjensler
  • Vald, overgrep og omsorgssvikt

 

Vil du vite meir?

Du kan lese meir om nettverksarbeidet på denne sida til Helse Møre og Romsdal:

Barn og unges helseteneste