Hareid kommune er på veg mot Robek-lista

Underskotet for 2023 er så omfattande at det er stort sannsyn for at statsforvaltaren tek delvis kontroll over kommuneøkonomien frå august.

Kommunedirektøren har lagt opp til ei sak om kommuneøkonomien i det fyrstkomande formannskapsmøtet 26. februar. Saka skal også vidare til kommunestyret i mars.

Formannskapsmøtet kan du sjå direkte eller i opptak her i denne artikkelen eller på Facebook frå klokka 12.

(Vi har tekniske problem med videoen, så vi får ikkje vist han fram her på nettsida. Du kan klikke på vindauget over for å sjå han på Facebook.)

Alle sakspapira kan du lese her.

I sakspapira skriv kommunedirektør, Ragnhild Velsvik Berge, at dei førebelse rekneskapstala viser ein økonomisk sprekk i sektorane velferd og læring og kultur som er av ein slik storleik at kommunen vil kvalifisere for Robek-lista alt til sommaren. Robek står for «Register over betinget godkjenning og kontroll». Dette tyder at Statsforvaltaren tek delvis kontroll over kommunen sin økonomi. Låneopptak i forbindelse med investeringar må førehandsgodkjennast av statsforvaltaren, og det kan kome konkrete krav om innsparingar i drifta.

Sidan rekneskapet er førebels, kan tala enno betre seg. «Men det er vanskeleg å sjå at det skal kome så store endringar at dette kan unngåast», skriv kommunedirektøren.

Vidare skriv ho:

«Det har over fleire år vore eit relativt stort meirforbruk i drifta av kommunen. Det har også vore investert store beløp i bygg og infrastruktur dei seinare åra, og lånegjelda er høg. I 2022 og 2023 steig renta kraftig og dei auka finansutgiftene gjer at det vert mindre pengar igjen til å drifte kommunen for. I 2021 og 2022 var skatteinntektene høge, og ein del andre forhold kom svært gunstig ut for kommunen. Dette gjorde at trass i budsjettoverskridingar i drifta så kom rekneskapen totalt sett ut med mindreforbruk. I 2023 ser dei frie inntektene på finansområdet ut til å verte omlag som budsjettert, og dei vil ikkje kunne dekkje opp meirforbruket i drifta.»

 

Fordelt på sektorane

Sentraladministrasjonen går omlag i balanse med unntak av eit meirforbruk på økonomiske stønadsordningar hos NAV. Sektor for samfunnsutvikling går i balanse med noko drahjelp frå inntekter utover budsjett. Sektor for læring og kultur har eit meirforbruk på omlag 20 millionar, men utan ei meirinntekt i høve budsjett på ressurssenteret hadde dette vorte 30 millionar. Meirforbruket er fordelt, men i hovudsak knytt til skule. For sektor for velferd er meirforbruket på omlag 39 millionar kroner. Dette er fordelt på dei ulike einingane, men mest knytt til bu- og habilitering.

 

Årsaker

I saksframlegget skisserer kommunedirektøren opp ein del årsaker til budsjettoverskridingane. Mellom anna:

Manga nye leiarar og vi treng kontinuerleg leiaropplæring og oppfølging. Det har vist seg vanskeleg å få dette godt nok med dei stabsressursane vi har tilgjengeleg.

Kommunen har dei siste åra har hatt ein bevisst strategi på å prioritere samfunns- og næringsutvikling for å rekruttere både innbyggarar og arbeidsplassar. Dette er positive tiltak, men utfordringa ligg i at inntektene av satsinga ikkje kjem før etter ei periode med investeringskostnadar.

Brukarrettigheitene aukar raskare enn rammeoverføringane frå staten. Her er ein stor auke av ekstrabehov i elevmassen og tenestetildeling i pleie- og omsorg. Mange enkelttiltak er svært kostnadskrevjande. Med aukande oppdrag treng vi fleire tilsette.

Presset på dei tilsette aukar grunna fleire og stadig meir kompliserte saker. Arbeidsmiljø, behalde og rekruttere er eit element vi må ha langt framme i denne situasjonen. Kommunane har i avgrensa grad høve til å ta inntekter for tenestene. Det er eit gryande kommuneopprør der låginntektskommunar, som Hareid, ser seg lei på at det er så store skilnadar på kor mykje pengar ei kommune har til å drifte for. Mange set si lit til det nye inntektssystemet, men like mange er nok redde for at det ikkje vil føre til dei store endringane. 

Leiarane står i ein sterk skvis mellom lojalitet til kommunelova og kommunestyret på den eine sida, og brukar/innbyggar/faglover og bemanningsnormer på den andre sida. Sluttresultatet viser at det siste står sterkast, men det er grunn til å anta at det også viser at leiarane har for små rammer. 

Vakanse i stillingar for kommunalsjef og einingsleiarar har resultert i for dårleg budsjettoppfølging. Kontrollspennet vert for stort for dei som vert att. I ein slik situasjon får dagleg drift prioritet på kostnad av økonomikontroll og rapportering.

 

Kva kan vi gjere?

Kommunedirektøren har gått gjennom den økonomiske situasjonen med einingsleiarane i kommunen, og det har vore jobba i grupper med å kome med tilråding på kva konkrete tiltak og strategiske grep Hareid kommune må jobbe med no i denne kommunestyreperioden. Vidare arbeid med forslaga skjer i ein prosess som vil monne ut i konkrete tiltak der nokre kan gjennomførast innanfor kommunedirektøren sitt ansvarsområde, og andre må opp til folkevald handsaming.

Døme på forslag som må handsamast av dei folkevalde er:

  • ny kommuneplan så vi får samle oss om felles mål og retning (er avhengig av planressurs)
  • legge til rette for akvakultur /inntekter
  • flyktningar ein ressurs for arbeidskraft og viktig med godt integreringsarbeid, men må også vurdere mottak av flyktningar opp mot utgifter. 
  • bustadar for eldre i felles bygg for enklare tenesteyting
  • må ha tid og rom til å planlegge og setje i verk tiltak for omstilling og innsparing. Må unngå ad-hoc løysingar
  • vere realistisk på netto tilflytting og kor mange bustadfelt /tomter vi  har råd til å bygge ut
  • vurdere endring i skulestruktur. Det er mange måtar å gjere det på.
  • sjå på barnehagestruktur
  • endring av SFO-tilbod. Redusere det som ikkje er lovpålagt. Endre organisering.
  • Høg turn-over på digitale produkt. Redusere digitaliseringstrykket i skulen
  • stoppe utbygging av ungdomsskulen 
  • bygge ein barneskule før ungdomsskule
  • gi færre tenester og mindre standard på pleie- og omsorgstenester
  • fortgang i arbeidet og prioritet rask iverksetting Pålhaugen . God kost/nytte
  • flytte ressursar frå institusjon til bukollektiv/omsorgsbustad
  • investeringsstopp med unntak av enkelte prioriterte tiltak
  • sjå endå meir på potensialet for inntekter
  • eigedomsskatt på næring
  • ikkje tilsettingsstopp - går ut over dei som sit igjen. I det lange løp er dette ikkje ei god løysing.
  • vere rause og vise forståing for kvarandre sine utfordringar, vere opne og lyttande til kvarandre for å effektivt kunne løyse oppgåvene smart.

 

Gruppene var tverrfagleg samansett, og dette er ei oppsummering av dei punkta som fleire av gruppene tok fram. Det er ei tydleg melding frå leiarane at vi må jobbe tverrfagleg på tvers av sektorar, og i eit godt samspel mellom folkevalde og administrasjon for å løyse driftsutfordringane. Vi må bruke tid på å få felles verkelegsoppfatning for å kunne samle oss om dei kloke grepa. Punktlista er til orientering om dei synspunkta kommunedirektøren har fått frå utvida leiargruppe, og er ikkje konkrete forslag på dette stadiet. Men punktlista kan danne eit grunnlag for ein diskusjon som kan gi  politiske styringssignal på kva for nokre tiltak administrasjonen skal jobbe vidare med å utgreie. 

 

Godkjenne alle stillingar

Når det gjeld tilsettings- og innkjøpsstopp er dette ikkje innført formelt, men i praksis er det slik ståande ordre:

Alle ledige stillingar skal vurderast for saldering eller omstilling. Kommunedirektør har det siste ordet

Vi skal gjennomføre berre nødvendige innkjøp. Alle uførutsette og/eller større innkjøp skal godkjennast av kommunalsjef og kommunedirektør skal orienterast. Budsjettendringssak.

Grunnen til at dette ikkje er formelt innført er at det ikkje let seg gjennomføre i praksis, og effekten vert av vi får fleire krav om fast tilsetting av ufaglærte vikarar. Det vert dårlege adhoc-løysingar å kutte i tilfeldige stillingar som vert ledige. 

 

For små miljø

Ein annan ting som er tema blant leiarane er erkjenninga av at vi har for små fagmiljø. Ein person har mange funksjonar og når ho/han dett ut er der få eller ingen som kan ta ansvar for oppgåvene. Med tanke på bruk av fagressursar hadde kommunesamanslåing vore det mest effektive, men dette sitt langt inne hos mange av dei folkevalde på Søre Sunnmøre. Då er større samarbeid eit alternativ som tvinger seg fram, og det er tid for ein naboprat mellom ordførarane om dette. 

 

Treng motor

Omstilling har vore på agendaen lenge og mange små steg er tatt, men om vi skal få gjort dei store omstillingane som må til, treng vi ein motor som får jobbe kontinuerleg med fokus på oppdraget, utan å verte slukt i dagleg drift. Vi har mange erfaringar med at folk dett ut, så ein person vert for sårbart. Kommunedirektøren rår til fylgjande:

Stillinga som digitaliseringsansvarleg vert lyst ut med ei utvida rolle som utviklings- og digitaliseringsansvarleg. (dette er innanfor kommunedirektøren sitt handlingsrom, og stillinga ligg i budsjettet)

Det vert oppretta ei treårig prosjektstilling som prosessleiar for omstilling i Hareid kommune

Stillingane skal leggast rett under kommunedirektør og jobbe i team med kommunedirektøren si leiargruppe. Månadleg rapportering til formannskapet.

Kvifor: erfaringa er at med saldering av stillinga for assisterande kommunedirektør forsvann den ressursen vi hadde til å vere pådrivar for internt utviklings- og omstillingsarbeid. Tilrådinga går likevel ikkje på å opprette ei ny leiarstilling no, men behalde heile stillingsheimelen til å jobbe med omstilling til ei meir effektiv drift samstundes som vi har fokus på utvikling av gode tenester. Vi treng nokon som ikkje må omprioritere tida si for å sikre driftsoppgåver. Behovet for utvikling og digitalisering er så stort at vi treng ein i teamet som kan dyktiggjere organisasjonen i å nyttiggjere seg nye dataverktøy og ta i bruk nye løysingar, og dette må ligge til den første stillinga. Den er også ein sentral ressurs i utviklinga av IKT-arbeidet vårt (Tellmannrapporten).

Den andre må vere ein person som kjem inn for å ta eit oppdrag, kan utfordre, er løysingsorientert og kan jobbe sjølvstendig samstundes som vedkomande er ein god kommunikator.  Vi har jobba med omstilling over fleire år utan å få den store effekten, og når det vi gjer ikkje verkar må vi gjere noko anna. Meirforbruket frå 23 vil i stor grad følge oss inn i 24 og aukar frå månad til månad. Nokre vil nok reagere på at eg vil tilsette nye folk i ein slik situasjon, men om vi ikkje sett av tid til å jobbe med dette kjem vi ikkje i mål.

 

Tilråding til vedtak

Kommunedirektøren har lagt fram ei tilråding der siste punktet er ope, slik at dei folkevalde kan be om kva dei ønsker utgreidd:

1)      Kommunestyret tek orientering om forventa sluttresultat for 2023 til vitende, og forventar at kommunedirektøren arbeider aktivt for å redusere meirforbruket i 2024

2)      Det vert oppretta ei treårig prosjektstilling som prosessleiar for omstilling i Hareid kommune. Stillinga vert plassert på ansvar 1510 - kommunedirektør, og skal finansierast gjennom redusert meirforbruk. Stillinga vert nytta slik det er skissert i saka.

3)      Kommunestyret ber om ein gjennomgang med tilråding på kva for nokre investeringsprosjekt som kan utsettast / stoppast.

4)      Kommunestyret ynskjer at kommunedirektøren utgreier fylgjande tiltak:

a)