Hareid kommune nesten best på openheit i landet

24 poeng - 1 fattig poeng frå fyrsteplassen, er resultatet for Hareid kommune då Presseforbundet og Kommunal rapport kåra dei mest opne kommunane i landet.

dronefoto frå Hareid sentrum - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Det gav Hareid kommune ein delt åttande plass i Åpenhetsbarometeret. Her har Presseforbundet og Kommunal rapport sett på i kor stor grad kommunane legg til rette for ein open og opplyst samtale, slik Grunnlova paragraf krev.

- Det er ikkje mogleg å undervurdere kor viktig det er med openheit i kommunane. Gode postlister, opne politiske møter og raske svar på innsynsførespurnadar gir innbyggarane innsikt i prosessane og avgjerslene som kan påverke liva deira, skriv dei rapporten sin.

Hareid kommune har dei siste åra gjort store hopp på Åpenhetsbarometeret. I 2018 hamna vi på ein lite tilfredsstillande 106. plass. I fjor hadde vi klatra til 16. plass, medan vi i år er på ein 8. plass – berre eitt fattig poeng frå fyrsteplassen.

- Dette er gledeleg og viser at vi tek openheit på alvor. Vi skal strekke oss ytterlegare for å halde fram den gode trenden med å hevde oss i landstoppen, seier ordførar Bernt Brandal.

Hareid kommune skårar mange poeng på at vi har gode løysingar for postlister og sakspapir til dei folkevalde møta. Det er eit system vi deler med nabokommunane våre i det interkommunale samarbeidet «sjustjerna». Vi ser at også dei kjem høgt på topplista. Ørsta og Volda ligg på delt andreplass i lande, eitt halvt poeng forran oss, medan Ulstein ligg eitt poeng bak oss. Ingen av samarbeidskommunane våre skårar dårlegare enn 20 poeng – godt over landssnittet på 16,5 poeng.

Hareid kommune skil seg ut i positiv retning når det gjeld er strøyminga av dei folkevalde møta. Over 8 av 10 kommunar strøymer kommunestyremøta, men berre 1 av 4 strøymer andre folkevalde møte – slik som vi gjer med formannskapet.

Ein av dei tinga vi blei trekt for, var at vi ikkje hadde ute telefonnummeret til dei folkevalde på nettsida. Det er noko vi allereie har bestemt skal på plass når det nyvalde kommunestyret startar opp i oktober. Då er fyrsteplassen innan rekkevidde til neste år!

Møre og Romsdal er det beste fylket i Noreg (om vi ser vekk frå Oslo). Presseforbundet trekk fram at gode haldningar og løysingar blir spreidde på tvers, noko som gir ein god infrastruktur for offentlegheit.

Den beste kommunen i Noreg var Ørland i Trøndelag med 25 av 26 moglege poeng. Ørland vann også kåringa i fjor.

Heile rapporten frå Presseforbundet og Kommunal rapport kan du lese her.