Hareid kommune opprettar asylmottak med 234 plassar

Allereie neste veke kjem dei fyrste flyktningane frå Ukraina.

Eigedomsleiar Paul Arne Ulstein, leiar på ressurssenteret Trine Pilskog, kommunedirektør Ragnhild Velsvik Berge og ordførar Bernt Brandal er stolte av alle dei tilsette i Hareid kommune som står på for å gjere klart for flyktningane som kjem til Hareid neste veke. Erlend Friestad  

Då krigen i Ukraina var eit faktum, var formannskapet tidleg ute og bad administrasjonen om å bu seg på å ta imot flyktningar frå Ukraina. Det har vore stor etterspurnad etter mottaksplassar frå sentrale mynde. Hareid kommune søkte derfor om å opprette akuttmottak. Vi fekk tilslag denne veka. Avtalen om mottaket blei signert onsdag, og allereie neste veke kjem dei fyrste flyktningane. Det er mykje som må ordnast, og ordnast raskt, men tilsette er positive til å ta i eit tak.

- Dette vil involvere alle tenestene våre, frå helse, skule til tekniske tenester. Det vil vere ei belastning, men det er også ei glede å kunne bidra til at dei som flyktar frå krigen får eit trygt og godt opphald her på Hareid. Eg er utruleg glad for den positive responsen vi har fått frå tilsette. Dei ønsker å gjere sitt beste, seier ordførar Bernt Brandal.

I første omgang vil det kome 150 flyktningar. Mottaket vil vere på Melshorn Hotell og på Myrtunet. Det er kommunen som driv mottaket og leigar lokala av hotellet.

- Eg er stolt og takknemleg for dei tilsette som viser stort engasjement og ståpåvilje trass tida vi har bak oss med stor pandemislitasje, seier kommunedirektør Ragnhild Velsvik Berge.

Får økonomisk tilskot

I skrivande stund held tilsette i Hareid kommune på å gjere klar romma, skru opp senger og vaske. På Myrtunet jobbar også driftsteknikarar for å gjere klar ei av blokkene til å ta imot flyktningar neste veke. Dei andre blokkene vil bli klargjort og rusta opp etappevis slik at vi etter påske vil ha kapasitet til 234 plassar.

Hareid kommune får tilskot til både til å drifte mottaket og til å oppskalere tenestene våre slik at flyktningane får den hjelpa og det tilbodet dei har krav på.

- Dei økonomiske tilskota og den positive innstillinga frå tilsette, gjer at vi kan setje inn ressursar der det trengst. Det vil gjere at arbeidet med mottaket i minst mogleg grad går utover tenestene til andre, seier ordføraren.

 

Akuttmottak

Mottaket er eit sokalla akuttmottak. Her kjem flyktningane medan dei ventar på busettingsvedtak. Når eit slikt vedtak er på plass, vil dei dra vidare til den kommunen dei skal bu. Signala frå myndigheitene er at dei jobbar med å gjere denne prosessen så rask som mogleg. Det betyr at dei fleste flyktningane vil vere relativt kort tid her på Hareid.

Avtalen mellom Hareid kommune og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet gjeld i fyrste om gang for 3 månadar, men kan forlengast opp til to år. Det er også kort oppseiingstid for slike avtalar.

Mottaket kjem i tillegg til lovnanden om å busette 60 flyktningar i 2022.

 

Klede, utstyr og anna hjelp

Vi veit at mange ønsker å hjelpe til med klede, leikar, møblar og anna utstyr. Det set vi stor pris på, og det vil vi trenge. Akkurat i den fasen vi er i no, så har vi rett og slett ikkje kapasitet til å ta imot. Vi veit heller ikkje noko om kva som trengst, og det vil vere dumt å ta imot klede og utstyr som ikkje blir brukt. Så snart vi veit meir, vil vi melde i våre kanalar kva vi treng, og korleis de kan levere klede og utstyr.

Når det gjeld frivillig arbeid, er svaret det same. Vi ønsker alle gode krefter velkomne, men akkurat no må vi halde litt igjen. Meld deg gjerne for ein frivillig organisasjon. Vi vil leggje vekt på å samarbeide med frivillig sektor i kommunen

Vi vil også ha behov for å tilsette personar med rett kompetanse. Les meir om kva vi treng her.

Følg med på Facebook-sida vår, nyheitsbrevet vårt og på nettsidene våre for meir informasjon.